Trinn 8

Bustader med tilgang til fellesfunksjonar 

Nye buformer, samlokaliserte bustadar, tilgang til tenester i heimen

Slik vil vi ha det:

Innbyggarane i Volda har tilgang til ulike buformer tilpassa eigne behov. Når funksjonsevne eller alder gir behov for tenester i heimen og meir tilrettelegging, kan ein flytte til bustader med fellesfunksjonar.

Dette steget er for deg med særlege behov på grunn av alder eller funksjonsfall.

Dette kan du gjere sjølv

  • Busetje deg i nærleiken av butikk og eventuelt andre tenester som legekontor, fysioterapeut og servicetilbod.
  • Vurdere tilpassing eller utbetring av bustaden slik at han blir meir tilrettelagd for å ta imot tenester.
  • Tenkje over kva som fremjar fysisk og sosial aktivitet for deg, både inne og ute.
  • Formidle kva som gir deg tryggleik og stimulerer til fellesskap og aktivitet, med låg grad av bistand.
  • Vurdere om du og nettverket ditt kan gå saman om nye buformer for framtida.


Slik gjer vi det:

  • Vi samarbeider med private aktørar om utvikling av nye buformer (både eige og leige) , med aktivitetsfremjande inne- og uteareal. Bustadane har nærleik til butikk, offentleg transport og gjerne ulike helse-, kultur- og servicetilbod
  • Vi legg til rette for samlokaliserte bustader med velferdsteknologiske løysingar og fellesfunksjonar som gir tryggleik og stimulerer til sosiale fellesskap og kulturelle aktivitetar, med låg grad av bistand
  •  Vi tilbyr helsehjelp og praktisk bistand i eigen heim
  • Vi set av areal sentralt i kommunen til bustader med fellesfunksjonar og aktivitetsfremjande uteareal

 

Les meir om trinn 8 - Bustader med tilgang til fellesfunksjonar

 

Tilbake til trappa