For deg som treng tidsavgrensa tenester utanfor heimen
Tidsavgrensa tilbod er raske og kortvarige. Dei skal førebyggje funksjonsfall, verke rehabiliterande og vere avlastande.
Dette kan du gjere sjølv:
- Informere om situasjonen din slik at rett og tidleg innsats kan setjast i verk.
- Tenkje over kva du kan gjere sjølv, og kva du treng hjelp til.
- Følgje råd og rettleiing frå helsepersonell om rehabilitering.
- Delta i gruppetilbod som blir tilbydde.
- Formidle kva du treng for å stå i omsorgsoppgåvene dine over tid.