Krav om digital byggesøknad

Krav om digital byggesøknad

Sida er under arbeid!

Volda kommune har valt å stenge for sending av byggesøknader på e-post. Dette gjeld alle søknader etter plan- og bygningslova sin § 20-3 som krev ansvarlege foretak. Kommunen har heimel til å stenge for søknader på e-post etter forvaltningslova § 15a og eForvaltningsforskrifta § 3. Bestemmingane slår fast at alle som vender seg til eit forvaltningsorgan kan bruke elektronisk kommunikasjon så lenge organet har lagt til rette for det. Kommunikasjonen skjer på den måten som organet beskriv og ved å bruke adressa som er oppgitt for aktuelle førespurnaden. Søknadsløysingar på Fellestjenester BYGG oppfyllar desse heimlane.

Søknader sendt via Fellestjenester BYGG sparar kommunen for tid og ressursar fordi dei blir kontrollert før sending.  Strukturerte data om byggesøknaden blir importert direkte til kommunen sitt saksbehandlingssystem.

Kommunen kan stenge for e-postsending både for privatpersonar og føretak, der det finst digitale alternativ. Både personar og føretak kan likevel velge å sende søknaden i posten. Vi gjer også merksam på at kommunen har nokre plikter om nokon sender ein søknad på e-post sjølv om kommunen har stengt for det. Kommunen må gi beskjed om at søknaden ikkje vil bli handsama, og rettleie i korleis søknaden skal sendast, jf. eForvaltningsforskriften § 7. Journalføringsplikta gjeld også uavhengig av korleis søknaden er sendt.

Ferdigattest

Når byggearbeidet ditt er utført, må du søkje om ferdigattest. Byggverk må ikkje bli tatt i bruk før det er gitt førebels bruksløyve eller ferdigattest.

Kva kan du forvente?

Etter at du har levert søknaden din om ferdigattest, vil sakshandsamar sjekke at tiltaket har blitt gjennomført i samsvar med byggeløyvet.

Ferdigattest vert så sendt ut til deg.

Kva kostar det?

Ferdigattest inngår i kostnaden av den summen du betalte når du leverte byggesøknad. Du treng derfor ikkje å betale for ferdigattest.

Korleis søkjer du?

Du søkjer ved å sende inn søknadsskjema for ferdigattest (dibk.no).

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 3 veker.