Solcelle-anlegg er, på nærare vilkår, ikkje søknadspliktig etter plan- og bygningsloven (pbl) § 20-5 og SAK10 § 4-1 e) nr. 4.
Kva tiltak gjeld dette for?
Installering og endring av solenergianlegg på eksisterande byggverk innanfor ei brukseining eller branncelle er unntatt kravet om søknadsplikt, føresett at anlegget ikkje:
1. Går over fleire brukseiningar/brannceller
2. Inneber ei fasadeendring
3. Er plassert nærare nabogrense enn 4 m, jf. pbl §29-4
4. Er i konflikt med planføresegner i området
Kven er ansvarleg for kva?
Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket (tiltaket = solenergianlegget) følgjer føresegnene i plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter, arealplanar som kommuneplanens arealdel og reguleringsplan, og andre løyver. Installasjonen av anlegget må heller ikkje vere i strid med anna regelverk, som t.d. byggegrenser i Veglova eller kulturminnelova med tilhøyrande føresegner.
Vi rår til at du informerer naboane dine før du monterer anlegget.
Om solenergianlegget er ei vesentleg fasadeendring eller ikkje vert avgjort ved eit fagleg skjønn. Grunna dette rår vi til at du forhøyrer deg med kommunen før du monterer eit solenergianlegg utan å søkje.
Moment som kan vere avgjerande i vurdering av søknadspliktig fasadeendring eller ikkje kan vere plassering og utstrekning av anlegget, materialbruk og fargekontrastar, refleksjon og eksponering i høve omgjevnadane, omsyn til heilskapleg utforming i eit område og ei bygning si arkitektoniske eigenverd.