Eigedomsskatt

Eigedomsskatt

I Volda kommune er det eigedomsskatt på all eigedom i kommunen.

Grunnlag frå Skatteetaten

Skatteetaten sine bustadverdiar vert lagt som grunnlag for utrekning av eigedomsskatten.

Likningsverdien utgjer normalt 25 % av bustadverdien som Skatteetaten har fastsett. Dersom likningsverdien er fastsett til kr 500 000 vert altså bustadverdien på kr 2 000 000. Eigedomsskattegrunnlaget er 70 % av bustadverdien.

Verdien er eit overslag på bustaden sin omsettingsverdi, rekna ut frå bustaden sitt areal, byggeår, bustadtype, kvar eigedomen ligg og opplysningar om omsette bustader i kommunen.

Du finn meir informasjon om dette på Skatteetaten si heimeside.

Kommunal taksering

I dei tilfelle kommunen ikkje har motteke slik bustadverdi , vert taksten fastsett av kommunen. Dette gjeld da for;

  • Fritidseigedomar (også utan bygg) 
  • Våningshus på gard 
  • Bustadeigedom der vi ikkje har grunnlag frå Skatteetaten 
  • Næringseigedomar (også utan bygg)

Taksten baserer seg på ei skjønsmessig vurdering som skal tilsvare omsetningsverdien til eigedomen. For bustadar og fritidsbustadar er skattegrunnlaget 70 % av taksten. Du kan lese meir om retningslinene for kommunal taksering i dokumentet «Rammer og retningsliner for verdsetjing/taksering av eigedomar i Volda kommune (PDF, 354 kB)».

Klage

Du kan klage dersom du kan dokumentere at taksten er for høg i høve til antatt omsetningsverdi. Ved andre feil eller spørsmål ber vi om at du tek kontakt  med kommunen før du eventuelt sender inn ein klage. Klagefrist er 6 veker frå skattelista vert offentleggjort eller dette vedtaket vert sendt ut. 

Eventuell klage skal vere skriftleg. Klage skal merkast med gards- og bruksnummer, eventuelt også feste-/seksjonsnummer og telefonnummer.

Faktura for eigedomsskatt vert fordelt på 4 terminar med forfall i mars, mai, august og oktober. (Gjeld ikkje dersom du har månadleg fakturering).
Eigedomsskatt, gebyr for vatn, kloakk og feiing/brannsyn blir no på samme faktura.

Eigedomsskattelister 2024
Tittel Publisert Type
Skatteliste 2024 - næring

28.02.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Skatteliste 2024 - næring.pdf
Skatteliste 2024 - fritak

28.02.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Skatteliste 2024 - fritak.pdf
Skatteliste 2024 - landbruk,fritid,bustad

28.02.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Skatteliste 2024 - landbruk,fritid,bustad.pdf
Skatteliste 2024 - bustadverdi

28.02.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Skatteliste 2024 - bustadverdi.pdf

 

Søke om fritak frå eigedomsskatt?

Her er våre retningsliner om kven som kan få redusert eigedomsskatt:

  • Husstandar med ei samla brutto årsinntekt lågare enn 3G (folketrygda sitt grunnbeløp x 3) ved siste skattemelding, kan søkje om fritak. Som inntekt reknast løn, pensjonar, renteinntekter, aksjegevinstar mm.
  • Bur det fleire enn søkjar i bustaden vil desse vert rekna med som ein del av hustanden og deira bruttoinntekt vert lagt saman med søkjar si brutto inntekt. Dette gjeld også heimebuande born over 18 år. 
  • Eventuell inntekt frå leigebuar vert rekna som inntekt for søkjar.
  • For einlege forsørgjarar kan samla brutto årsinntekt vere opptil 3,5G ved siste skattemelding.
  • Viss husstanden si samla bankinnskot er større enn 1G (folketrygda sitt grunnbeløp), vil ein ikkje få fritak frå eigedomsskatt. Dette gjeld berre for personar over 18 år med inntekt.
  • Søkjar må sjølv bu på eigedomen.
  • Det er ikkje fritak frå eigedomsskatt på fritidsbustadar og sekundærbustadar.

Jamfør lova så gjeld fritaket berre for eit år om gangen og ein må søkje på nytt kvart år.
1G er per 1. mai 2023 118 620 kroner. 3G blir då per dags dato 355 860 kr og 3,5G er 415 170 kroner.

Til søknadsskjema om fritak frå eigedomsskatt

 

Summen som vert vist på skattesetelen, er det beløp pr år?

Ja. Årsbeløpet vert delt på 4 terminar (mars, mai, august og oktober).

Kva har takstmann lagt til grunn for verdivurdering?

Eigedomsskattegrunnlaget byggjer på faktaopplysningar og skjønsmessige vurderingar. Dei skjønnsmessige vurderingane tek opp både generelle forhold rundt eigedomar og spesielle forhold som påverkar verdien.

Forhold som vert lagt vekt på er lokalisering, sol- og støyforhold, utsikt, bygninga og tomta sin tilstand.Meir detaljert informasjon om metodikken for verdsetjinga finn du i dokumentet ”Rammer og retningsliner for verdsetjing/taksering av eigedomar i Volda kommune” (PDF, 354 kB)

NB! Det er viktig å understreke at eigedomsskattetaksering ikkje må forvekslast med tradisjonell verditaksering. Taksering i samband med eigedomsskatt er ein form for massetaksering som gir meir ”grovkorna” vurderingar enn ved tradisjonell verditaksering. Skatteobjekta skal berre synfarast utvendig.

Taksten er altfor høg, dette tykkjer eg er urimeleg, har de gjort ein feil?

Er taksten realistisk ved sal i ein fri marknad utan hefte på eigedomen? Du kan klage dersom du kan dokumentere at taksten er for høg i høve til antatt omsetningsverdi.

Sakkunnig nemnd vil kunne vurdere dette på nytt.

Dersom taksten vert endra, kan klagaren ende opp med både høgare og lågare takst.

Naboen har fått ein lågare takst enn meg, men har jo eit større hus?

Det har blitt gjort ei verdivurdering ut frå kva marknaden er villig til å betale for huset ditt.

Andre faktorar enn areal kan spele inn på verdien. Sjå også spm. nr 2.

Hytta mi er ikkje mogleg å selje på grunn av at den ligg på ein tomt saman med fleire hytter. Vi har avtaler som bind oss slik at vi ikkje får selt.

Eigedomsskatteloven tek ikkje stilling til privatrettslege avtalar.

Eg har ei festa tomt. Kvifor skal ikkje grunneigar betale eigedomsskatten?

Det er den som vert sett på som eigar av tomta som må betale eigedomsskatt. Som rettslig utgangspunkt er difor bortfestar (grunneigar) ansvarleg for eigedomsskatt på grunn og festar ansvarleg for eigedomsskatt på bygningar/anlegg/konstruksjonar som tilhøyrer festaren.

Men for festeavtalar som varer utover 99 år, eller når festaren har ein einsidig og uavgrensa rett til å krevje forlenging av festeavtalen, må festaren sjåast på som eiger av tomta, og er difor ansvarlig også for eigedomsskatten på grunnen.

For å avgjere kven som skal betale eigedomsskatt for festetomt i det enkelte tilfelle, må ein difor sjå på den aktuelle festekontrakta jamført med reglane i tomtefesteloven.

Reglar om festetid, innløysing og forlenging av festeavtalar for bustad og fritidsbustader finn vi i tomtefesteloven §§ 7, 32 og 33. Kommunen har inga mynde når det gjeld tomtefesteloven. Ved langsiktige festeavtalar, typisk for bustad/fritidsbustadar, vil det vere festar som må svare for eigedomsskatten.

Eg har fått krav om å betale eigedomsskatt på ein hytte eg ikkje eig, men grunnen er min.

Dette er på grunn av ein privatrettsleg avtale mellom deg og hytteeigaren. Dersom det ikkje ligg føre opplysningar om kven som eig bygninga, så vil den som er grunneigar i utgangspunktet svare for eigedomsskatten.

I Volda kommune har vi så langt som mogleg forsøkt å sende kravet om eigedomsskatt til den som faktisk eig hytta.

Ein måte å få denne avgifta over på hytteeigar på papiret, er ved å tinglyse heimelsovergang på eigedomen.

Du kan også undersøke om du får skilt ut ei festa tomt eller punktfeste. Når dette ligg føre, vil eigedomsskatten bli flytta til rett eigar.

Kva for eigedomar får fritak frå eigedomsskatt?

Nokre eigedomar skal ha fritak, disse følgjer av eigedomsskatteloven § 5.

Andre eigedomar kan få fritak i medhald av eigedomsskatteloven § 7.

Det er opp til kommunestyret å avgjere kva fritak det ynskjer å gje etter paragraf § 7.  Kommunen må handsame alle eigedomar i same kategori likt. Sjå Eiendomsskatteloven for meir informasjon.

Privatpersonar kan ikkje få fritak.

Meiner du at ein eigedom skulle hatt fritak og ikkje har fått det, kan du søkje eller melde frå til kommunen om dette. Andre vanlege bustadeigedomar og næringseigedomar vil ikkje få innvilga fritak.

Betalingsvanskar er heller ikkje ein grunn som gir rett til fritak for eigedomsskatt, men ein kan søke om nedsetjing, at skatten vert ettergitt og/eller utsetting med betalinga. Sjå svar på spm under for meir informasjon.

Korleis fungerer nedsetting, ettergjeving og utsetjing med betaling?

Eigedomsskatt kan settast ned heilt eller delvis eller ettergjevast, dersom det har oppstått spesielle forhold som vil gjere det særs urimeleg å krevje inn eigedomsskatten, jf eiendomsskatteloven § 28:

"Gjer særlege grunnar at det kom til å verta særs urimeleg om heile eigedomsskatten vart innkravd, kan skatten setjast ned eller ettergjevast av formannskapet."

Etter praksis må skattytaren til dømes ha fått redusert inntekt på grunn av sjukdom, ulukke eller liknande og samtidig ikkje ha formue som eigedomsskatten kan betalast med, eller det kan vere at eigedomen er øydelagt av brann eller naturkatastrofe.

Skattytaren har ikkje krav på nedsetjing eller at skatten vert ettergitt. Dette må avgjerast av formannskapet i enkelttilfelle for eit år om gongen.

Skattytar kan også søkje om kortvarig utsetjing (og/eller oppdeling) av betaling av utlikna  eigedomsskatt, og i sjeldnare tilfelle søkje formannskapet om langvarig utsetjing.

Kommunle eigedomsavgifter - søknad om fritak

Kan eg få utført ein egen takst (godkjent takstmann) og krevje at den heller skal brukast?

Nei. Både meklartakst og kommunens eigedomsskattetakst har antatt marknadsverdi som utgangspunkt.

Når kommunen, gjennom sakkunnig nemnd har fastsett takst, har eit overordna mål vore å sikre likebehandling av eigarane av eigedomane.

Dette er eit forhold som meklarane ikkje treng å ta omsyn til, mellom anne ved at dei i mange tilfelle takserer potensialet ved en eigedom.

Korleis kan eg klage?

Når du som eigar får tilsendt oversikt over takst og skatt (skattesetel), har du etter loven ei klagefrist på seks veker. Du har også seks vekers klagefrist frå skattelistene vert lagt ut til offentlig ettersyn.

Skattebeløpet er vedteke av kommunestyret til 2,0 promille ("gamle" Volda og Bjørke) og 1,0 promille (tidlegare Hornindal kommune) av grunnlaget/taksten.

Dersom du er usamd i skattegrunnlaget/taksten, må det sendast en skriftleg klage. Klagen må merkast tydelig med gards- og bruksnummer, og eventuelt feste- eller seksjonsnummer og telefonnr. Klagen bør innehalde ei forklaring/grunngjeving på kvifor du meiner taksten ikkje er korrekt.

All relevant dokumentasjon må leggast ved, til dømes kopi av nyleg halden takst, bilete av særskilte faktorar på eller i bygningar etc. Eigar/klager må pårekna at det vert gjennomført ny synfaring for å vurdere nye moment, og bør stille seg disponibel for tilrettelegging for dette.

Klage på taksten vil i første omgang verte gjennomgått administrativt, slik at eventuelle feil kan rettast. Sakkunnig  nemnd vurderer så klagene. Blir klaga tatt til følgje, vert taksten endra. Dersom taksten ved oppretthalden, vert klaga sendt over til sakkunnig klagenemnd.

Taksten kan då gå opp eller ned, eller den kan haldast fast ved. Avgjerda her er endeleg og kan berre overprøvast av domstolane.

Melding om feil eller klage på takst må merkast med gards- og bruksnummer, og sendast til:

E-post:postmottak@volda.kommune.no
Post: Volda kommune, Eigedomsskattekontoret, Stormyra 2, 6100 Volda

Korleis skal eg betale?

Rekning for eigedomsskatt vert sendt ut med forfall i mars, mai, august og oktober. Fakturaene må betalast, sjølv om du er ueinig i beløpet eller takseringa og sender klage til kommunen.

Dersom du får medhald i klaga di, vil det du har betalt for mykje, bli trekt frå på neste faktura eller betalt tilbake.

Vil bustader og hytter vert handsama ulikt?

Det er ikkje høve til å fastsetje ulike skattesatsar for høvesvis bustad- og fritidseigedomar, og ved fastsetjing av eventuelt botnfrådrag er det ikkje høve til å ha ulikt  kronebeløp for bustad- og fritidseigedomar.

Ved taksering er det vidare ikkje høve til å leggje til grunn ulike prinsipp for bustader og hytter. Men eigedomen sin takstverdi skal etter loven fastsetjast ut frå antatt marknadsverdi ved ein normalsalsituasjon. Fritidsbustader vert gjerne omsett i ein litt annan marknad enn bustader, og ofte til ein høgare pris.

Det får sjølvsagt ei betyding ved taksering for eigedomsskatteførmål ved at fritidseigedomar då ofte får eit noko høgare takstgrunnlag enn bustadeigedomar.

Er det mogleg å få delt opp betalinga i kvar mnd?

Det er no mogleg å få ei ordning med månadlege fakturaer frå Volda kommune. Vi får ikkje delt opp denne fakturaen, men du kan be om månadleg fakturering på neste faktura. Då tek du kontakt eller sender inn digitalt skjema. Du må ha efaktura eller avtalegiro-avtale i banken for å kunne motta månadleg faktura.

Eg klaga i fjor, men klaga er ikkje avgjort enno. Kva skjer med takst og betaling no?

Det betyr at taksten frå sist år framleis er gjeldande. Viss du får medhald i klaga di, vil det du har betalt for mykje (også i fjor), verte betalt tilbake.

Du må altså betale ut frå grunnlaget frå gjeldande år fram til klaga er avgjort og da vil det verte korrigert på neste rekning.

Kva kan eg gjere om eg ikkje klarer å betale gebyret?

Dersom du ikkje klarer å betale gebyret kan du be om å få betalingsutsetjing eller betalingsavtale, 

Ved behov for betalingsutsetjing og/eller betalingsavtale på kommunale krav, ta kontakt med økonomiavdelinga Volda kommune på tlf 70 05 87 32 eller send e-post til innfordring@volda.kommune.no

Vert det renter og gebyr på utsette betalingar?

Dei som avtaler betalingsutsetting på eit krav må betale forseinkingsrenter frå ordinært forfall til betaling skjer. Dersom  betalingsavtalen vert broten, vil purregebyr bli tillagt ved utsending av varsel.

Kontakt

Jørgen Vestgarden
avdelingsleiar
E-post
Mobil 90 47 09 15
Eli Øye Vassbotn
konsulent
E-post
Mobil 90 03 80 35