Nye gardsnummer frå 2020

Nye gardsnummer frå 2020

Som ei følgje av kommune kommunesamanslåinga, har innbyggjarar i området Bjørke/Viddal fått nye gardsnummer.

Kartverket krev at alle eigedomane i ein kommune skal ha eit unikt gardsnummer. I samband med at Bjørke/Viddal-området vart grensejustert til ny Volda kommune, der Bjørke, Viddal og "gamle" Volda hadde like nummer, fekk Bjørke og Viddal nye nummer.

Her er ei informasjonssak om endringar som vart gjort ved årsskiftet 01.01.2020.

Nye gardsnummer i Bjørke, Viddal og Hornindal

For at endringa i gardsnummera skal gjelde færrast mogleg personar, beheldt eigedomane i Volda sine gamle gardsnummer, medan gardsnummera i Bjørke og Viddal vart endra.

Gardsnummera i Bjørke og Viddal fekk derfor lagt til 100 til sitt eksisterande nummer. Bruksnummera vert ikkje endra.

  • Døme: GNRBNR 130/12 i Bjørke og Viddal vil endrast til 230/12.
  • Døme: GNRBNR 140/8 i Bjørke og Viddal vil endrast til 240/8.

I tidlegare Hornindal og Volda kommunar var det berre eitt likt gardsnummer, som var GNR 47 i Kjøs. Kartverket har vedteke at gardsnummeret skal endrast frå 47 til 247.

Nye gardsnummer frå 01.01.2020

Endringane av gardsnummera trådde i kraft frå 01.01.2020.

Den digitale overføringa til ny kommune skjedde i tidsromet 27. desember 2019 – 1. januar 2020.

Oppdatering av offentlege register

Folkeregisteret, Enhetsregisteret, NAV m. fl. vil få oppdaterte data frå matrikkelen automatisk.

Som eigar treng derfor ikkje å gjere noko.

Ny gardsnummerserie

Gardsnumra for Bjørke og Viddal i den nye kommunen 1577 Volda blir etter dette: 230-242, med verknad frå 1. januar 2020.

 

Bakgrunn

Det ligg til Kartverket som sentral matrikkelmynde å godkjenne oppretting av nye gardsnummer og andre større endringar i gardsnummerseriane.

Matrikkelnummeret skal eintydig identifisere alle eigedomar (matrikkeleiningar) innanfor kommunen.

Når kommunar vert slått saman, eller kommunegrensa mellom to kommunar endrast, medfører dette som hovudregel større endringar i gardsnummerseriane i form av m.a. omnummerering i dei aktuelle kommunane.

Omnummerering inneber at aktuelle eigedomar tildelast nytt matrikkelnummer som sikrar eintydig identifisering i ny kommune.

Det kan i denne samanheng også oppstå ønske om å opprette nye gardsnummer. Kartverket si overordna oppgåve er å sikre at oppretting av nye gardsnummer og større endringar i gardsnummerseriane følgjer matrikkellova sine reglar og vert utført på ein einsarta måte i heile landet.

Kommunesamanslåingar vert vedtekne i kongelig resolusjon med heimel i inndelingslova. Samtidig med vedtak om samanslåing, skal det fastsettast kommunenummer og namn for den nye kommunen.

Den samanslegne kommunen vil som hovudregel få tildelt nytt kommunenummer. Sidan gardsnummer som hovudregel er tildelt i løpande og stigande rekkefølge innan dei opphavlege kommunane, altså knytt til gjeldande kommunenummer, må eigedomene omnummererast.

Det vil seie at det må tildelast nytt matrikkelnummer for å sikre unike matrikkelnummer i den nye kommunen.

Kartverket som sentral matrikkelmyndigheit har ansvar for godkjenning av ny gardsnummerserie når det må haldast omnummerering ved kommunesamanslåing og justering av kommunegrense.

Med verknad frå 01.01.2020 er det vedteke kommunesamanslåing mellom kommunane Hornindal og Volda til ny kommune 1577 Volda.

I tillegg har Fylkesmannen i Møre- og Romsdal vedteke justering av kommunegrensa mellom kommunane Ørsta og Volda, med verknad frå 01.01.2020. I samsvar med retningslinja har Kartverket vedtekne gardsnummer som følgje av dei vedteke endringane.

Kartverket sitt vedtak om gardsnummer som følgje av kommunesamanslåing mellom Hornindal og Volda og grensejusteringa mellom Ørsta og Volda vedlagt (tabell).

Heimel for dette er matrikkellova §23 og matrikkelforskrifta § 7 fjerde ledd der det mellom anna går fram at det «ved større endringer i gårdsnummerseriene skal det innhentes godkjenning fra Statens Kartverk.»

  • Matrikkelnummeret skal eintydig identifisere alle eigedomar (matrikkeleiningar) i den enkelte kommune.
  • Når kommunar blir slått saman, eller kommunegrensen mellom to kommunar endrast  medfører dette som hovudregel større endringar i gardsnummerseriane i form av bl.a. omnummerering i dei aktuelle kommunane.
  • Omnummerering inneber at aktuelle eigedomar tildelast nytt matrikkelnummer som sikrar eintydig identifisering i ny kommune.
  • Kartverkets oppgåve er å sikre at oppretting av nye gardsnummer og større endringar i gardsnummerseriane følgjer matrikkellova si bestemmingar og utførast på ein einsarta måte i heile landet.
  • Hovudprinsipp → kommune med flest matrikkeleingar beheld si gnr-serie.
  • Ei endring i kommunegrensa kan ikkje gi føringar for endring av eigedomsrettstilhøva.
  • Eigedomar kan bli splitta av den nye kommunegrensa, slik at det er same grunneigar på båe sider av kommunegrensa, men ulikt matrikkelnummer.

 

Kontakt

Kart