Seksjonering

Seksjonering

Eigarseksjonering er ein måte å organisere sameige av fast eiendom på.

Kvifor seksjonere?

Dersom ein eigedom skal eigast av fleire personar, og eigarane skal ha einerett på kvar si brukseining på eigedomen, må eigedomen seksjonerast.

Eigarseksjonering passar derfor til oppdeling av til dømes boligblokker eller to- eller firemannsbustadar.

Ein eigarseksjon vil vere ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og belånast uavhengig av resten av eiendommen eller brukseiningane.  

Kva er reseksjonering?

Dersom sameigarane i ei sameige ønsker å endre fordelinga av areal eller gjere andre bruksendringar på eigedomen, kan ein reseksjonere.

Dette kan vere aktuelt dersom to leiligheiter vert slått saman, dersom eit kontorlokale vert gjort om til ei leiligheit eller dersom det vert omfordeling av parkeringsplassar, boder eller liknande.

Ved endring av sameigebrøkane kan det bli ei dokumentavgift ved reseksjonering.

Korleis søkje om seksjonering?

Søknadsskjema er standardiserte av Kommunal- og Moderniseringsdepartementet. Under finn du søknadsskjema for både seksjonering og reseksjonering.

Seksjonering

Reseksjonering

Kva kostar det?

Kommunens gebyr er 3 x rettsgebyret (utan synfaring) eller 5 x rettsgebyret (med synfaring). Du finn gjeldande sats for rettsgebyr på Skatteestaten si heimeside.

Dessuten skal gebyr for tinglysing innbetalast til kommunen.

Dersom uteareal skal seksjonerast som tilleggsdel, vil gebyr for oppmåling kome i tillegg.

Her finn Volda kommune sitt gebyrregulativ.

Kan ein klage på vedtak?

Kommunens seksjoneringsvedtak kan påklagast. Avslag på søknad om seksjonering kan likevel ikkje påklagast. 

Klagefrist er 3 veker fra mottak av vedtaket. Eventuell klage skal sendast til kommunen.

Kva er svartida?

Etter lova skal du ha svar innan 12 veker. 

Nyttige lenker