Om lag 20 deltakarar møtte opp i Samfunnshuset for å bidra med kunnskap, erfaringar og synspunkt. Interesseorganisasjonar, forskingsmiljø, bondelag, politikarar og privatpersonar var representerte.
Presentasjon og gruppearbeid på innspelsmøtet.Målet med møtet var å få innspel frå innbyggjarane om naturmangfaldet i kommunen og å informere om arbeidet med planen. Kommunedelplanen skal gi ei samla oversikt over kva naturverdiar vi veit om i Volda kommune, kva vi treng meir kunnskap om, og vil også innehalde ein handlingsdel med konkrete tiltak. Dokkadeltaet utarbeider planen på oppdrag frå Volda kommune.
Volda kommune starta møtet med å seie litt om planarbeidet og sette rammer for møtet. Deltakarane blei delt inn i fire grupper der representantar frå ulike organisasjonar vart blanda. Konstanse Skøyen frå Dokkadeltaet informerte om status for arbeidet med planen og geleida deltakarane gjennom gruppearbeidet og plenumsdelen om dei ulike spørsmåla:
- Kva er særmerkt for Volda kommune med tanke på naturmangfald – kva har vi eit særleg ansvar for å ta vare på?
- Kvar finn vi dei forvaltningsrelevante artane, og kva område treng dei (t.d. rasteområde for fugl, forflyttingskorridorar for vilt, hekkeplassar, hotspotar for sjeldan vegetasjon)?
- Kva veit vi for lite om? Finst det område som er dårleg kartlagde for t.d. artar og naturtypar, der potensialet er stort, eller der det er utbyggingspress?
- Kva er dei største truslane mot naturmangfaldet i Volda?
- Finst det andre kjelder til kunnskap om naturmangfald i kommunen, t.d. dokument, personar, databasar, rapportar osv.?
- Er det nokre tiltak som må med i handlingsplanen?
Vil du gi innspel?
Det kom ei rekke innspel som vil bli tekne med vidare i planarbeidet. I tillegg har Dokkadeltaet motteke fleire skriftlege innspel.
Dokkadeltaet skal ferdigstille naturmangfaldsplanen i løpet av februar. Fram til ferdigstilling er det framleis mogleg å sende inn innspel direkte til konsulenten. Kjenner du til dømes til rapportar eller naturkartlegging vil vi gjerne høyre frå deg. Siste versjon av naturmangfaldsplanen og kontaktinformasjon finn du på kommunen sine heimesider:
Gi innspel til kommunedelplan for naturmangfald
For andre spørsmål, ta kontakt med Kjetil Mastad Vestergaard, plan- og miljørådgjevar i Volda kommune.
Sjå samla informasjonsside om naturmangfaldsplanen