Planen kjem på høyring til hausten

Planen kjem på høyring til hausten

Volda kommune held fram arbeidet med kommunedelplan for naturmangfald og vil sende planen på høyring hausten 2026.

Volda kommune har mottatt utkast til kommunedelplanen for naturmangfald frå Dokkadeltaet Nasjonale Våtmarkssenter og bearbeidar no planen. Vi hadde tidlegare eit ønskje om å sende planen på høyring før sommaren, men av ressursomsyn er dette flytta til hausten.

Vi ser fram til mange gode innspel frå publikum i innspelsperioden i september/oktober/november.