Kommuneplanen sin arealdel

Kommuneplanen sin arealdel

Alle kommunar skal ha ein arealplan for heile kommunen (kommuneplanen sin arealdel) som viser samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk.

Etter kommunesamanslåinga i 2020 har Volda kommune fleire arealdelar; ein for tidlegare Hornindal kommune og ein for tidlegare Volda kommune. I tillegg vart det gjort ei grensejustering med Ørsta kommune. Arealdelen for Ørsta kommune gjeld difor for områda Viddal og Bjørke.