Kommunedelplan for tidlegare Volda kommune

Kommunedelplan for tidlegare Volda kommune

Kommunestyret vedtok Kommunedelplan for tidlegare Volda kommune i møte 12. august 2021, sak 81/21 (planID 2016005). Dei delane av planen som var omfatta av motsegn vart sendt til Kommunal og distriktsdepartementet for endeleg avgjersle. Volda kommune har i brev frå departementet, datert 16. april 2022, motteke avgjerd i motsegnssaka. Plandokumenta er endra i samsvar med vedtaket og har etter dette rettsverknad.

Kommunedelplan for tidlegare Volda kommune omfattar plankart, føresegner, planomtale, konsekvensutgreiing, ROS-analyse og temakart. Plandokumenta og ulike arbeids-, kartleggings- og utgreiingsdokument er tilgjengeleg under. Plankartet er også tilgjengeleg på kartportalen Kommunekart:

https://kommunekart.com/

Fyrste planutkast vart sendt på høyring og offentleg ettersyn etter vedtak i formannskapet 11.06.2019 sak 73/19. Innkomne motsegn og merknader frå 1. høyringsperiode vart handsama av formannskapet i sak 91/20 og 201/20. Andre planutkast vart sendt på høyring og offentleg ettersyn etter vedtak i formannskapet 08.12.2020, sak 73/19. Innkomne motsegn og merknader frå 2. høyringsrunde vart handsama av formannskapet 20.04.2021, sak 49/21. Sjå dokument tilknytt motsegn og merknader under.

Sentrale dokument:

Fritidsbusetnad, setrar og naust

Kontakt

Heidi Istad
planleggar
E-post
Mobil 46 91 54 55