Arbeidsmøte i formannskapet og TFU

Arbeidsmøte i formannskapet og TFU

I samband med arbeidet med jordvernstrategi er det gjennomført fleire arbeidsmøte med politiske utval denne våren. Formannskapet hadde møte 18. mars og 6. mai, medan tenesteutval for forvaltning og utvikling (TFU) hadde møte 10. mars og 28. april.

Arbeidsmøte med formannskapet.

På møta drøfta deltakarane kunnskapsgrunnlaget for strategien, mål og forventningar, strategiar og konkrete tiltak. Eit viktig tema har vore kva som skal til for å styrke jordvernet, og om vi bør vedta eit nytt, konkret jordvernmål.

Spørsmål som har vore diskutert er mellom anna: 

  • Kva er dei største utfordringane knytt til jordvern i Volda kommune?
  • Kva strategiar og tiltak kan møte desse utfordringane?
  • Bør Volda kommune vedta eit nytt jordvernmål?