Regine Solberg Aklestad
Matjord er ein av dei mest verdifulle ressursane vi har. Dyrka og dyrkbar jord legg grunnlaget for matproduksjon og verdiskaping både for oss i dag og for komande generasjonar. Samstundes er desse ressursane under press frå andre samfunnsinteresser som utbygging, infrastruktur og andre arealformål.
Kunnskapsgrunnlaget til jordvernstrategien gir eit oversyn over status og utvikling knytt til matjorda i Volda kommune, og inneheld informasjon om arealressursar, omdisponering, nydyrking og planreserve. Dokumentet er ikkje uttømande, men inneheld lenker til relevante kjelder der ein kan finne meir informasjon.
Kunnskapsgrunnlaget er mellom andre presentert for formannskapet, tenesteutval for forvaltning og utvikling og grendalaga.
God lesing!
Kunnskapsgrunnlag jordvernstrategi Volda kommune (PDF, 8 MB)