I september 2025 fekk elevar i 7. og 9. trinn ved Hornindal skule i oppgåve å teikne inn på kart kvar dei går og syklar. Dei markerte også viktige målpunkt - som skule, fritidsaktivitetar og møteplassar - og noterte korleis dei opplever nærmiljøet sitt.
Barn og ungdom går og syklar ofte mykje i lokalmiljøa sine, og kjenner områda godt. Innspel, erfaringar og kunnskap frå dei er difor veldig nyttig i arbeidet med å gjere det tryggare og betre for mjuke trafikantar. Karta under viser ei samanstilling av det elevane har registrert. Resultata vil bli brukt i planarbeid, og som grunnlag for både små og store tiltak i lokalmiljøet.
Du kan også laste ned karta her: Barnetråkk Hornindal 2025 (PDF, 17 MB).
Barnetråkk i Hornindal
Publisert 12.02.2026 15:15
Sist endra 13.02.2026 13:25