Barnetråkk Volda tettstad

Barnetråkk Volda tettstad

I desember 2025 fekk elevar i 4. klasse ved Øyra skule, 6. klasse ved Bratteberg skule og 8. klasse ved Volda ungdomsskule i oppgåve å teikne inn på kart kvar dei går og syklar. Dei markerte også viktige målpunkt - som skule, fritidsaktivitetar og møteplassar - og noterte korleis dei opplever nærmiljøet sitt. 

Barn og unge går og syklar ofte mykje i lokalmiljøa sine, og kjenner områda godt. Innspel, erfaringar og kunnskap frå dei er difor veldig nyttig i arbeidet med å gjere det tryggare og betre for mjuke trafikantar. Karta under viser ei samanstilling av det elevane har registrert. Resultata vil bli brukt i planarbeid, og som grunnlag for både små og store tiltak i lokalmiljøet.

Du kan også laste ned karta her: Barnetråkk Volda tettstad 2025 (PDF, 13 MB)

Barnetråkk Volda tettstad heatmap - Klikk for stort bileteBarnetråkk Volda tettstad heatmap

 

Barnetråkk Volda tettstad - Klikk for stort bileteBarnetråkk Volda tettstad

 

Barnetråkk Volda sentrum - Klikk for stort bileteBarnetråkk Volda sentrum