Stikk UT! er Noregs største turtrim og får titusenvis av menneske ut i naturen kvart år. Her kan du kjenne på roa i skogen, høyre fuglekvitter og bekkesildring – eller oppdage det yrande livet i ei maurtue. Turane passar for både små og store, ferske turgåarar og dei med mange turar i beina.
På stikkut.no og i Stikk UT!-appen finn du oversikt over alle turmåla. Under «Finn turmål» får du turbeskrivingar, informasjon om parkering og kvar turen startar. Det gjer det lett å planleggje neste tur.
Sommarsesongen varer frå 1. mai til 31. oktober, og vintersesongen frå 1. desember til 2. påskedag.
Klar for litt meir frisk luft og turglede?
👉 Finn ditt neste turmål her: Stikk UT!
StikkUt