Korleis er det å sykle i Volda kommune?

Korleis er det å sykle i Volda kommune?

Sykkelundersøkinga er gjennomført av Syklistenes Landsforening og var open frå 24. april til 12. august 2024. Undersøkinga er nasjonal og kartlegg korleis syklistar opplever å sykle i kommunen dei brukar mest – sett frå eit brukar­perspektiv. I Volda kommune deltok 85 personar i undersøkinga. 

Svara gir eit viktig bilete av korleis det opplevast å sykle i kommunen vår: Kva fungerer bra? Kvar er det utfordringar? Og korleis står Volda kommune seg samanlikna med andre kommunar på same storleik?

Nokre funn:

  • Volda rangerast som nummer 12 av 20 blant små kommunar.
  • 65 % svarer at mosjon i kvardagen er den viktigaste motivasjonsfaktoren for å sykle.
  • 23 % svarer at manglande sykkelparkering hindrar dei frå å sykle oftare.
  • 58 % svarer at Volda kommune bør prioritere å bygge ut samanhengande sykkelvegar.
  • 47 % svarer at vi bør ha fleire sikre sykkelparkeringar i kommunen.

Vil du lese meir om korleis Volda kommune kjem ut i undersøkinga – og kva syklistane meiner bør bli betre?

 👉 Les resultatrapporten for Volda kommune her: Sykkelundersøkinga 2024 - Kommunerapport Volda kommune (PDF, 22 MB)

Takk til alle som deltok i undersøkinga!

Syklistforeningen - Klikk for stort bilete Syklistforeningen