Endring av reguleringsplanar

Endring av reguleringsplanar

I utgangspunktet er det  same reglar for reguleringsendringar som ved utarbeiding av ein ny reguleringsplan. For nokre reguleringsendringar er det likevel lagt opp til ein enklare prosess. Dette gjeld endringar som: 

•    i liten grad påverkar gjennomføringa av planen 
•    ikkje går utover hovudrammene i planen 
•    og heller ikkje vedkjem omsynet til viktige natur- og friluftsområde 

Reguleringsendringar etter enklare prosess skal utarbeidast av fagkyndige jf. pbl. § 12-3.  

Det er ikkje krav om oppstartsmøte eller å kunngjere og varsle oppstart. Dersom det er tvil om endringa kan følgje forenkla handsaming bør ein gjennomføre eit oppstartsmøte med kommunen.  

Krav til planmateriale vil avhenge av omfang av endringar som vert foreslått og vert avklara i kvar sak. Minstekravet vil til vanleg vere plankart og/eller reguleringsføresegner og ein omtale av planendringa. Omtalen skal innehalde ei oversikt og skildring av dei ønska endringane, ei forklaring av behovet for endringane og konsekvensane av desse. Det skal og gjerast greie for om endringane er innanfor ramma av PBL § 12-14.  

Endring av planer er omfatta av kravet om ROS-analyse dersom det vert lagt til rette for utbygging. Ein må derfor vurdere om det skal lagast ein ny eller ein revidert ROS-analyse som en del av planmaterialet. 

Før det vert gjort vedtak om planenedringa, skal saken leggast fram for røyvde mynde, og eigarar og festarar av eigedomar som direkte vert råka av vedtaket, og andre berørte, skal gis anledning til å uttale seg. Dersom ikkje anna er avtalt skal planenedringa vere nabovarsla før innsending til kommunen.  

Kommunen sender forslag til planendring til uttale til aktuelle mynde og eventuelt andre røyvde partar med ein frist på 2-3 veker. I samsvar med kommunen sitt delegeringsreglement kan kommunedirektøren gjere vedtak om endring av reguleringsplan etter forenkla handsaming ved kurante saker.  

Kommunen tek gebyr for reguleringsendringar etter forenkla prosess. 

Informasjon om gebyr for endring av reguleringsplanar kan du finne her: Kva kostar det?