Bustadtomter Fannemel

Bustadtomter Fannemel

Fannemel bustadfelt ligg sørvendt ved  Fv 60 gjennom Hornindal mot Hornindal skisenter og kommunegrensa mot Stranda kommune. Bustadfelt ligg om lag 3 km frå Grodås sentrum med fine friluftsmoglegheiter i nærområdet.  Det er ca. 3 km til Hornindal skisenter som ligg i eit område med fine turmuligheiter både vinter og sommar.

Tomteprisen er 241,41,- per kvadratmeter i 2026. Prisen indeksregulerast årleg frå 1. januar i tråd SSB sin konsumprisindeks. Prisen er ikkje gjenstand for meirverdiavgift/moms.

Utover tomtepris må kjøpar i tråd med Volda kommune sine til ei kvar tid gjeldande satsar betale kostnadar knytt til oppmåling, tinglysing av skøyte og målarbrev, samt tilkopling til vatn- og avløpsanlegg.

Du finn kart over alle kommunale tomter som er ledige på nettportalen: Kommunekart.com.

Korleis søkjer eg om tomt?

For å søkje om kommunal tomt må du sende inn følgjande søknadsskjema om tomt.

Korleis kan eg bygge på tomta?

Byggeløyve vert gitt av avdeling for utvikling, innanfor sektor for samfunnsutvikling.

Her finn du meir informasjon om byggeløyve i Volda kommune.

Nyttige dokument

Reglar for tildeling av tomter i kommunale bustadfelt(PDF, 249 kB)

Pris for kommunale bustadfelt (PDF, 6 MB)