Bustadtomter på Urabakkfoten

Bustadtomter på Urabakkfoten

Urbakkfoten bustadfelt er sørvendt og ligg høgt og fritt ovanfor Volda sentrum, mellom Klepp og Håmyra.  Midt mellom fjell og fjort, og med unike moglegheiter for friluftsliv.  

Det er planlagt 21 einebustadtomter og 3 felt for konsentert bustadutbygging

Urbakkfoten bustadfelt er for tida under prosjektering og difor ikkje klart for utbygging og tildeling til intresserte tomtekjøparar.

Vi kan diverre ikkje i dag sei kor lang tid det vil ta, og heller i dag sei når tomtene kan lysast ut for sal.

Når det gjeld søknad på tomt vil det kome informasjon om dette når feltet er klart for utbygging.

Det vli bli ein fastsett dato for søknadsfrist for fyrstegongstildeling. Dersom det er fleire søknader på same tomt , vert det loddtrekning. Etter fyrstegongstildelinga vil tomtene bli tildelt forløpande . Jfr. føresegner for sal av kommuanle tomter.

Du finn kart over alle kommunale tomter som er ledige på nettportalen: Kommunekart.com.

Bustadtomter på B 58 - Øvre Heltne

Bustadfeltet ligg i området ovanfor Heltne Bratteberg II og på nedsida av vegen til Volda vassverk sitt høgdebasseng.   Bratteberg-området har siste åra hatt mykje nyetablering, og er eit populært område å bo i.

B58 – Øvre Heltne er sørvendt og har sol heile året, og med utsyn mot Rotevatnet, Rotsethornet,  sentrum og fjorden. 

I gangavstand frå området finn ein Bratteberg skule 1.-7.  Friluftsbarnehagen Hjellbakkane barnehage og  Bratteberg barnehage ligg i området.  Stoppestadar for ringruta, med gode bussforbindelser til sentrum er også i området.  Flotte friluftsmoglegheiter og kort avstand til skisenteret på Reset, som gjer at ein lett kan nytte skia heilt til stovedøra heime.

Det er planlagt 34  einebustadtomter og 6 felt for konsentert bustadutbygging. 

B58 – Øvre Heltne er for tida under prosjektering og difor ikkje klart for utbygging og tildeling til intresserte tomtekjøparar.

Vi kan diverre ikkje i dag sei kor lang tid det vil ta, og heller i dag sei når tomtene kan lysast ut for sal.

 

Når det gjeld søknad på tomt vil det kome informasjon om dette når feltet er klart for utbygging.

Det vli bli ein fastsett dato for søknadsfrist for fyrstegongstildeling. Dersom det er fleire søknader på same tomt , vert det loddtrekning. Etter fyrstegongstildelinga vil tomtene bli tildelt forløpande . Jfr. føresegner for sal av kommuanle tomter.

 

Du finn kart over alle kommunale tomter som er ledige på nettportalen: Kommunekart.com.

 

 

 

Kontakt

Eli Øye Vassbotn
konsulent
E-post
Mobil 90 03 80 35