Lån eit nettbrett

Vil du prøve nettbrett før du kjøper?

No kan du låne nettbrett gratis på biblioteket i Volda

Målet med ordninga er å gi fleire seniorar moglegheit til å prøve ut nettbrett og bli tryggare på digitale tenester i kvardagen.

Du treng ikkje å eige nettbrett frå før. Dette er eit lågterskeltilbod for deg som er nyfiken og ønskjer å lære meir.

Kvifor låne nettbrett?

Eit nettbrett gjer det enklare å:

  • halde kontakt med familie og vener
  • lese aviser og finne informasjon
  • ta del i videosamtalar
  • bruke appar og digitale verktøy i kvardagen

Mange opplever at nettbrett er enklare å bruke enn både mobil og datamaskin.

Kven kan låne?

Ordninga er retta mot seniorar (innbyggarar frå 65 år) som ønskjer å prøve nettbrett over ei periode før dei eventuelt kjøper eige.

Kor lenge kan eg låne?

Vanleg lånetid er to veker.

Dersom det er ledige nettbrett, kan lånet i enkelte tilfelle forlengast etter avtale.

Kva kostar det?

Det er gratis å låne nettbrett.

Ved første utlån må du inngå ein enkel utlånsavtale.

Utlån og innlevering

Utlån og innlevering skjer på biblioteket.

Biblioteket kan også hjelpe deg med å kome i gang dersom du har spørsmål om grunnleggjande bruk.

Meld interesse

Vil du låne nettbrett?

Møt opp i skranken i biblioteket.

Eller send ein e-post til 

Tilbodet startar opp i veke 35.