Hukommelsesteam

Hukommelsesteam

Hukommelsesteamet er eit tilbod til personar over 65 år med demens eller mistanke om demens. Teamet gir også tilbod til pårørande.

Teamet samarbeider med fastlege om utgreiing og kartlegging av mellom anna endra hukommelse, kognitive vanskar, daglege aktivitetar, døgnrytme, bustad, nettverk, evne til bilkøyring og pårørande sin situasjon. Dersom det vert stilt demensdiagnose vil brukar og pårørande få tilbod om jamleg oppfølging frå teamet.

Hukommelsesteamet i Volda kommune består av sjukepleiar Oda Virkesdal og ergoterapeut Karianne Sveen Orvik, i tillegg til den enkelte brukar sin fastlege. Heimebesøk vert utført på mandagar.

Hukommelsesteamet er eit lågterskeltilbod der ein ikkje treng tilvising eller søknad, det er berre å ta kontakt. Ein kan sjølv ta direkte kontakt med hukommelsesteamet på telefon, eller be fastlege eller anna helsepersonell om å hjelpe til med dette.

 

Telefonnummer: 90 82 26 27 

eller 70 05 40 11 (kun mandag)