Vaksinar

Vaksinar

Mine vaksiner
Kor lenge varer barnevaksinene?

Kor lenge varer barnevaksinene?

Medan nokre vaksiner gir livslang immunitet bør andre vaksiner få påfyll ein eller fleire gongar.

Folkehelseinstituttet er tydelege på at vaksinering av barn har ført til at ei rekkje sjukdommar har vorte kraftig redusert her til lands. Slik er det dessverre ikkje over hele verda.

Meslingvaksine og immunitet

Ulike vaksiner gir ulik immunitet i kroppen. Enkelte vaksiner gir livslang immunitet, medan andre bør fyllast på ein eller fleire gongar.

MMR-vaksina er ei kombinasjonsvaksine mot meslingar, kusma og røde hunder som ein ikkje treng å ta påfyll av i voksen alder. Alle barn får tilbod om MMR-vaksine ved 15 månader og i 6. klasse. Dette skal gje varig immunitet. MMR-vaksine kom inn i barnevaksinasjonsprogrammet i 1983.

Folkehelseinstituttet (FHI) informerer om at personar fødde før 1960 mest sannsynleg har vore utsette for naturleg meslingsmitte og derfor ikkje treng MMR- vaksine.

Vaksinering berre mot meslingar starta i 1969. Personar som er fødde mellom 1960 og 1969 og som ikkje har hatt meslingar, er derfor tilrådde frå Folkehelseinstituttet å ta MMR-vaksine.

Stivkrampevaksine bør oppfriskast

Barnevaksinene mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio bør derimot friskast opp kvart 10. år etter at ein har gått ut av ungdomsskulen. Kvar enkelt har ansvar for å fylgje med på dette. Folkehelseinstituttet har no ei vaksine for vaksne som gir påfyll og immunitet mot alle fire sjukdommane samtidig.

Vaksine mot difteri, stivkrampe og kikhoste vart innført i barnevaksinasjonsprogrammet frå 1952, og poliovaksine til alle fødde frå og med 1943. Sjølv om det har gått lang tid sidan sist ein tok desse vaksinene, vil ei påfyllingsdose ha god effekt.

Enkelte får påfyll av vaksine gjennom jobben sin, andre når dei skal ut og reise. Folkehelseinstituttet minner også alle som er i kontakt med spedbarn om å ha oppdatert vaksinene sine. Dette vil verne uvaksinerte spedbarn mot alvorleg sjukdom, t.d kikhoste.

HPV-vaksine

Kven kan få gratis HPV-vaksine?

HPV-vaksine beskyttar mot tre typar humant papillomavirus, som er årsak til 70 prosent av alle tilfelle av livmorhalskreft. HPV-vaksinen verker førebyggande, og har best effekt når den blir gitt før seksuell debut. Vaksinen beskyttar mot HPV hos dei som ikkje er smitta med desse virustypane frå før. Hos dei fleste som blir smitta med HPV går infeksjonen over av seg sjølv. HPV-vaksine kan også beskytte mot ein reinfeksjon, og ein kan difor ha nytte av vaksinen sjølv om ein har hatt fleire seksualpartnarar.

Sidan 2009 har HPV-vaksine vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet, der jenter har fått tilbod om vaksina på 7. trinn. Frå hausten 2018 fekk også gutar tilbod om denne vaksina, på lik linje med jenter. Vaksinen blir gitt i to dosar, med 6 månaders mellomrom.

Dersom som du ikkje har fått tilbod om HPV-vaksine som ein del av barnevaksinasjonsprogrammet, og ynskjer å starte vaksinering no, må du ta kontakt med din fastlege. Denne vaksina må du betale for.

Du finn meir informasjon om HPV-vaksine hos Folkehelseinstituttet.

Korleis kan eg få HPV-vaksina?

Ta kontakt med legesenteret eller helsestasjonen for å få time til å få satt vaksina.

Influensavaksine

For nokre kan influensa gje alvorlege komplikasjonar. Helsegevinsten kan vere stor om du vaksinerer deg. Personar i risikogruppene bør ta vaksine mot influensa årleg.

Kvifor ta vaksine? 
Årlege vaksiner er det beste verkemiddelet for å førebygge alvorleg sjukdom og komplikasjonar frå influensa- eller koronainfeksjon. Alle kan bli alvorleg sjuke av influensa eller korona, men enkelte grupper er meir utsette for alvorleg sjukdom enn andre. I Noreg er nær 1,6 millionar barn og vaksne i ei slik risikogruppe. Helsegevinsten kan vere stor om desse vaksinerer seg. Influensa kan mellom anna føre til alvorleg lungebetennelse og forverring av mange kroniske sjukdommar. Ved alvorlege komplikasjonar av influensa eller korona er det nødvendig med innlegging på sjukehus. Personar med hjarte- og karsjukdom er meir utsette for hjarteinfarkt, hjerneslag og død i influensasesongen enn elles i året. Alvorleg influensasjukdom kan føre til varig svekka helse og auka hjelpebehov, og gjennomsnittleg døyr 900 personar av influensa årleg. Difor er det viktig å vaksinere seg kvart år slik at ein er beskytta. 

Her kan du lese meir om dei to vaksinane:
Koronavaksine - FHI
 

Samvaksinering
Etter anbefaling frå Folkehelseinstituttet kan ein ta begge vaksinane samtidig, ei i kvar arm. Dette gjer at ein slepp to turar for vaksinering, og det fungerer like godt og er like trygt som å ta ei i gongen. 


Kven bør ta influensavaksine og/eller koronavaksine? 

For influensavaksine gjeld dette:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)
  • Prematurt fødde barn. Særleg barn fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år
  • Vaksne og barn med:
  •  diabetes, type 1 og 2
  • kronisk luftvegssjukdom (inkludert astma)
  • kronisk hjarte- og karsjukdom
  • kronisk leversvikt
  • kronisk nyresvikt
  • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
  • nedsett infeksjonsforsvar
  • svært alvorleg overvekt (BMI over 40)
  • annan alvorleg eller kronisk sjukdom
  • I tillegg er vaksina anbefalt for
    • helsepersonell
    • personar som bur saman med nokon med nedsett immunforsvar
    • svinerøktarar
    • saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta


For koronavaksina er det anbefalt å vaksinere seg om ein er i denne gruppa:

  • personar i aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
  • personar i aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe
  • ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • barn 6 månader-11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom barnet sin lege vurderer det som viktig
  • gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1. trimester kan vurderast om den gravide har tilleggssjukdommar som gir ytterlegare auka risiko

 

Korleis kan ein få vaksine?

Du kan få vaksine hos fastlegen eller på apoteka. Volda kommune brukar å tilby fellesvaksinering på hausten. 

Kven bør vaksinere seg?

Influensavaksine vert anbefalt til:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)

Prematurt fødde barn. Særlig barn fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år

Barn og vaksne med:
• diabetes, type 1 og 2
• kronisk luftvegssjukdom (inkludert astma)
• kronisk hjarte- og karsjukdom
• kronisk leversvikt
• kronisk nyresvikt
• kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
• nedsett infeksjonsforsvar
• svært alvorleg overvekt (BMI over 40)
• annan alvorleg eller kronisk sjukdom

I tillegg er vaksina anbefalt for:

  • helsepersonell
  • personar som bur saman med nokon som pga medisinar har nedsatt immunforsvar
  • svinerøktarar
  • saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl.

Vaksina må tilpassast dei aktuelle virusstammene kvart år. Derfor råder ein til at personar i risikogruppene tek vaksina årleg.

Kontakt:

Hornindal legekontor på telefon 57 87 98 70

Volda Legesenter sentralbord tlf. 70 05 89 00

Volda helsestasjon, telefon: 70 05 88 20

Reisevaksine og yrkesvaksine

Alder og reisemål er avgjerande for om ein bør ta reisevaksine. Folkehelseinstituttet har utarbeida oversikt over kva reisevaksiner ein bør ta. 

Informasjon om vaksinering ved utanlandsreiser finn du oversikt over på Folehelseinstituttet sine sider.

Vi har pr i dag ikkje kapasitet til å sette yrkes- og reisevaksiner på helsestasjonen. Folk som treng vaksiner eller har spørsmål om vaksiner utanom barnevaksinasjonsprogrammet kan ta kontakt med til dømes Medi3 i Ulsteinvik.

Koronavaksine

Kvifor ta vaksine? 
Årlege vaksiner er det beste verkemiddelet for å førebygge alvorleg sjukdom og komplikasjonar frå influensa- eller koronainfeksjon. Alle kan bli alvorleg sjuke av influensa eller korona, men enkelte grupper er meir utsette for alvorleg sjukdom enn andre. I Noreg er nær 1,6 millionar barn og vaksne i ei slik risikogruppe. Helsegevinsten kan vere stor om desse vaksinerer seg. Influensa kan mellom anna føre til alvorleg lungebetennelse og forverring av mange kroniske sjukdommar. Ved alvorlege komplikasjonar av influensa eller korona er det nødvendig med innlegging på sjukehus. Personar med hjarte- og karsjukdom er meir utsette for hjarteinfarkt, hjerneslag og død i influensasesongen enn elles i året. Alvorleg influensasjukdom kan føre til varig svekka helse og auka hjelpebehov, og gjennomsnittleg døyr 900 personar av influensa årleg. Difor er det viktig å vaksinere seg kvart år slik at ein er beskytta. 

Her kan du lese meir om dei to vaksinane:
Koronavaksine - FHI
Vaksineanbefalingar influensasesongen 2024-2025


Kven bør ta influensavaksine og/eller koronavaksine i haust? 

For influensavaksine gjeld det

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)
  • Prematurt fødde barn. Særleg barn fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år
  • Vaksne og barn med:
  •  diabetes, type 1 og 2
  • kronisk luftvegssjukdom (inkludert astma)
  • kronisk hjarte- og karsjukdom
  • kronisk leversvikt
  • kronisk nyresvikt
  • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
  • nedsett infeksjonsforsvar
  • svært alvorleg overvekt (BMI over 40)
  • annan alvorleg eller kronisk sjukdom
  • I tillegg er vaksina anbefalt for
    • helsepersonell
    • personar som bur saman med nokon med nedsett immunforsvar
    • svinerøktarar
    • saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta


For koronavaksina er det anbefalt å vaksinere seg om ein er i denne gruppa

  • personar i aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
  • personar i aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe
  • ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • barn 6 månader-11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom barnet sin lege vurderer det som viktig
  • gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1. trimester kan vurderast om den gravide har tilleggssjukdommar som gir ytterlegare auka risiko


Vel møtt til sesongvaksineringa på Uppheim!

 

Utanom felles sesongvaksinering

Bestill time på telefon til Volda helsestasjon: 70 05 88 20

Bestill time på telefon til Ørsta helsestasjon: 94 16 78 48

Ny oppdatert koronavaksine

Volda har fått inn den nye oppdaterte vaksina Comirnaty Omicron XBB.1.5.

Folkehelseinstituttet kjem med anbefaling at følgande grupper bør ta ein ny oppfriskingsdose med koronavaksine: 

  • 65 år og eldre, i tillegg til sjukeheimsbebuara
  • Personar  18–64 år som inngår i risikogruppe
  • Ungdom i aldersgruppa 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • Gravide i 2. og 3. trimester.

 

Koronavaksina kan takast samtidig med influensavaksina.  

Ta kontakt med helsestasjonen for spørsmål.

Barn frå 6 månadar–11 år med alvorleg grunnsjukdom må ta kontakt med helsestasjonen for eventuell vaksinasjon der.

Les meir om risikogruppene (FHI) 

Koronavaksina er gratis.

Kontakt:

Volda helsestasjon, telefon: 70 05 88 20