Gravide rusavhengige

Gravide rusavhengige

Ein gravid rusmiddelavhengig kan haldast tilbake utan eige samtykke i institusjon som er peika ut av regionalt helseføretak. Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker treff vedtak om tvungen tilbakehold etter forslag frå kommunen.

Kva tilbyr vi?

Pårørande kan krevje at kommunen vurderer om den skal fremje sak for fylkesnemnda om bruk av tvang på ein person som er gravid og rusavhengig. 

Formålet er å hindre eller avgreinse sannsynligheita for at bornet blir fødd med skade. Under opphaldet skal det leggjast vekt på at kvinnen tilbys tilfredsstillande hjelp mot rusmiddelbruket slik at ho kan bli i stand til å ta vare på bornet.

Kriterier for bruk av tvang

  • Den gravide sitt rusmiddelbruk må vere av ein slik art at det er overveiende sannsynleg at bornet blir født med skade som følgje av rusbruken
  • Hjelpetiltak etter helse- og omsorgstenesteloven § 3-2 (for eksempel støttekontakt, råd og veiledning, poliklinisk behandling eller frivillig institusjonsopphold) er ikkje tilstrekkelig

Kva gjer Fylkesnemda

Fylkesnemnda er eit domstolsliknande og uavhengige statleg organ, som avgjer nærare bestemte saker etter barnevernlova, helse- og omsorgstenestelova og smittevernlova.