Styrk arbeid

Styrk arbeid

Styrk Arbeid er eit arbeidstreningstiltak for unge som av ulike grunnar ikkje er i utdanning eller jobb. Det blir lagt til rette for meistring, både praktisk og sosialt, slik at vegen tilbake til utdanning og jobb blir enklare. Deltakaren får tett oppfølging, og kan få hjelp til jobbsøking og ekstern arbeidsutprøving/praksisplass.

Styrk har ein del faste arbeidsoppdrag innad i kommuna, i tillegg til enkle oppdrag som måling og snekring, enkelt vedlikehald, flytteoppdrag og lettare skogsarbeid. Arbeidsdagen er kl 10-15 måndag til fredag.

Deltakaren i Styrk er med på dei arbeidsoppdraga som ein til ei kvar tid har. Det er fokus på både å lære nye ting, og gjere ting som ein veit at ein mestrar. Det er viktig å jobbe godt ilag, men også viktig å trivast godt ilag sosialt. Kvar veke gjer deltakarar og tilsette ein kjekk aktivitet ilag, som klatring, bålkos, fisketur, spel eller anna.

Bilete frå tenesta Styrk arbeid, arbeid med ved - Klikk for stort bileteFoto: Thomas Bergset Mandal

Kontakt på mobil:

  • Malene Rovde, 90406468
  • Jon Inge Bjørdal, 91571536
  • Erlend Indrearne, 95758181

Styrk kan følgast på facebook.