Barstadtun

Barstadtun

Barstadtun har 25 tilrettelagte omsorgbustadar med livsløpsstandard.  Her kan bebuarane oppleve eit trygt bumiljø med høve til aktivitet og deltaking i sosialt fellesskap. Dei som har behov for det kan få bistand fra helsepersonell heile døgnet. 

Bygget ligg fint til på tunet ved Volda omsorgssenter, og er inndelt i tre bugrupper: Solkroken, Fjordstova og Fjordglytt.  Adressa er Barstadmarka 4.

Formålet med tenesta er å kunne huse bebuarar med nedsett funksjonsnivå, slik at desse kan ha eit mest mogleg sjølvstendig liv.  

Bebuarane inngår husleigekontrakt og betaler husleige. Det er tilbod om tre fellesmåltid kvar dag, og ulike fellesaktivitetar. Den enkelte må søkje om heimesjukepleie og andre tenester det er behov for, og tenestene vert utført av personalet på Barstadtun. 

Personalet ønsker å sette den enkelte sine behov i sentrum, og samtidig ha fokus på bebuarane sine eigne ressursar og mestringsevne. 

Telefonnummer til Barstadtun:

Solkroken:                  902 97 377

Fjordstova:                 902 86 218

Fjordglytt:                   902 86 476

Nattevakt:                   904 03 650

Seksjonsleiar Anita Almestad Kristiansen har telefonummer: 941 42 515.

Epostadresse: anita.kristiansen@volda.kommune.no