Fjordsyn

Fjordsyn

Fjordsyn omsorgsbustadar har 29 tilrettelagte omsorgbustadar med livsløpsstandard. Her kan bebuarane oppleve eit trygt bumiljø med høve til aktivitet og deltaking i sosialt fellesskap. Dei som har behov for det kan få bistand fra helsepersonell heile døgnet. 

Leiligheitene har eige bad, soverom og opphaldsrom, i tillegg til ein liten kjøkenkrok. Bygget er oppdelt i tre bugrupper: Bygdestova/Kaarstadstova, Knakkenstova og Vevendelstova. Adressa er Sevrinhaugen 4. 

Formålet med tenesta er å kunne huse bebuarar med nedsett funksjonsnivå, slik at desse kan ha eit mest mogleg sjølvstendig liv.  

Bebuarane inngår husleigekontrakt og betaler husleige. Det er tilbod om tre fellesmåltid kvar dag, og ulike fellesaktivitetar. Den enkelte må søkje om heimesjukepleie og andre tenester det er behov for, og tenestene vert utført av personalet på Fjordsyn. Personalet ønsker å sette den enkelte sine behov i sentrum, og samtidig ha fokus på bebuarane sine eigne ressursar og mestringsevne. 

 

Telefonnummer til Fjordsyn:

 

Knakkenstova:        902 55 728

Vevendelstova:       902 59 456

Bygdestova:            903 62 931

Nattevakt:                907 11 439

 

Seksjonsleiar Lill Kristin Warhuus Vassbotn har telefonummer: 414 00 027.

Epostadresse: lill.kristin.vassbotn@volda.kommune.no