Folkestadtun

Folkestadtun

Folkestadtun finn du på Folkestad. Bygget har 10 tilrettelagte omsorgleiligheiter med livsløpsstandard, fordelt på to etasjer.  Her kan bebuarane oppleve eit trygt bumiljø med høve til aktivitet og deltaking i sosialt fellesskap. Dei som har behov for det kan få bistand fra helsepersonell heile døgnet.  Adressa er Dalsfjordvegen 4235. 

Formålet med denne tenesta er å gi eit butilbod for eldre med nedsett funksjonsnivå, slik at desse kan ha eit mest mogleg sjølvstendig liv.

Bebuarane inngår husleigekontrakt og betaler husleige. Det er tilbod om tre fellesmåltid kvar dag, og ulike fellesaktivitetar. Den enkelte må søkje om heimesjukepleie og andre tenester det er behov for, og tenestene vert utført av personalet på Folkestadtun. Personalet ønsker å sette den enkelte sine behov i sentrum, og samtidig ha fokus på bebuarane sine eigne ressursar og mestringsevne. 

Telefonnummer til Folkestadtun: 908 97 098.

Seksjonsleiar Ingeborg Mork Håskjold har telefonummer: 900 69 473.

Epostadresse: ingeborg.haskjold@volda.kommune.no