Butilbod

Butilbod

Dersom ein av ulike årsaker ikkje kan skaffe seg bustad sjølv eller ikkje lenger kan bu heime, kan kommunen hjelpe med å skaffe bustad.

Kommunale husvære
Kommunen har ulike bustader for sosialt vanskelegstilte. Dersom ein ønskjer kommunal bustad, skal ein sende inn søknadsskjema. Ein kan vende seg til Servicekontoret på rådhuset for spørsmål om bustad. 

Omsorgsbustader/aldersbustader
Sektor for helse og omsorg disponerer omsorgsbustader og tildeler etter vedtekne reglar. Søknadene vert handsama i eige inntaksmøte.

Sjukeheim - langtidsopphald
Sjukeheimsavdelingane på Volda omsorgssenter gjev tilbod til personar som har større hjelpebehov enn det ein kan ivareta i heimen.

 

I tillegg til sjukeheimsavdelingar på Volda omsorgssenter, har kommunen følgjande omsorgsbustader:  

Omsorgsbustader: Stormyra 6, Barstadmarka 4 (Barstadtun), Seljebakken 23 og 25, Sevrinhaugen 4 (Fjordsyn), Folkestadtun, Mork bustader og Lauvstad bustader.  

Tenesta for psykisk helse: Totalt 15 bustader.  

Tenesta for funksjonshemma: Bømarka, Kleppevegen 1, Sevrinhaugen 1 og Sevrinhaugen 3.

Korleis søke om butilbod?

Klikk her for å komme til søknadsskjema.

Dersom de ynskjer søknadsskjema på papirutskrift kan de skrive ut PDF-skjema her. (PDF, 266 kB)