Søknad om helse- og omsorgstenester

Søknad om helse- og omsorgstenester

For å finne rett ut kva tenester du har behov for spør vi gjerne om kva som er viktig for deg. Slik kan vi saman finne den beste løysinga for deg ut frå dine behov og ynskjer.

Volda kommune gir helse- og omsorgstenester til innbyggjarane. Her får du informasjon om korleis du går fram dersom du eller nokon nær deg har behov for helse- og omsorgstenester.

Søk om rett omsorgstenester

Kommunen har ei rekke ulike pleie- og omsorgstjenester, og det kan vere vanskeleg å vite kva tenester som vil vere rett for å dekke ditt hjelpebehov. Vi opplever ofte at innbyggjarane har nytte av heilt andre hjelpetilbod enn dei hadde sett føre seg då dei kontakta oss.

Ta gjerne direkte kontakt med Forvaltningskontor for helse- og omsorgstenester og fortell om dine behov. Våre tilsette vil informere deg om kva tenester som er tilgjengelege.

Målet er å finne individuelle løysingar som bidreg til at du fungerer best mogleg i dagleglivet. Einskilde helse- og omsorgstenester er tilgjengelege utan henvisning eller søknad, mens andre tenester krev meir formelle søknadsprosessar.

Slik søker du

Kontaktinformasjon i Volda kommune for deg som ønsker å søkje om helse- og omsorgstjenester.

Søknad om tenester til eldre, funksjonshemma og somatisk sjuke sendes til forvaltningskontor for helse- og omsorgstenester:

Postadresse:

Barstadmarka 2,                                                                 
Volda omsorgssenter
6100 Volda        

E-post: postmottak@volda.kommune.no

Telefon: 904 11 886

Kven kan søke? 

Hvis du ønsker å ta kontakt med kommunen, men ikkje har moglegheit til det sjølv, kan andre søke på dine vegne. Treng du tolk har du også rett til å få det. Dersom andre henvender seg til kommunen på dine vegne, må du ha gitt skriftleg fullmakt til det.

Kva opplysningar må du gje? 

I mange tilfeller har kommunen behov for opplysningar om helsa di, til dømes frå fastlegem din. Denne dokumentasjonen er det du sjølv som må hente fram, men dersom dette er vanskeleg for deg vil vi hjelpe deg.

Kva blir registrert om deg? 

Det er strenge krav til korleis personlege opplysningar kan bli handtert og lagra. Forvaltningskontoret registrerar opplysningar om deg i ein eigen journal. Alle som mottek tenester frå helse- og omsorgssektoren, har rett til innsyn i dei opplysningane som er registrert om dei sjølv. Dersom det er feil eller manglar i opplysningene, har du rett til å kreve at dei vert retta. 

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom våre saksbehandlarar ikkje kan ferdigbehandle saka innan ein måned, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Kommunen skal samtidig opplyse om når du kan vente at saka er ferdig behandla.

Skjema

Skjema for søknad:

Elektronisk søknadsskjema (krev pålogging gjennom minID, du kan søke på vegne av andre)

Skjema PDF for utskrift (PDF, 265 kB)

Fullmaktskjema (PDF, 306 kB) for deg som søker på vegne av andre

Lover og forskrifter

Rettigheitene du har til helse- og omsorgstenester er nedfelt i lova, men kommunen gir også innbyggjarane tenester som ikkje er omtalt som rettigheiter i lova.

Lover

Forskrifter

  • Forskrift om pasientjournal

  • Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustader særskilt tilrettelagt for heildøgnstenester

 

Kontaktinformasjon:

E-postadresse : postmottak@volda.kommune.no

Telefonnummer: 904 11 886