Digital opplæring heime

Få digital hjelp heime hos deg sjølv.

Ein eldre man som sit å ser på eit nettbrett, han får hjelp av ei dame. - Klikk for stort bilete TRY

Synest du mobilen, nettbrettet eller datamaskina kan vere vanskeleg å bruke? Ønskjer du å bli tryggare på digitale tenester i kvardagen?

Volda kommune tilbyr gratis digital opplæring heime for seniorar som ønskjer individuell hjelp og rettleiing i eigen heim. Tilbodet er ein del av Sprek på nett. 

Vi kjem heim til deg og tek utgangspunkt i det du ønskjer å lære. Opplæringa skjer i ditt tempo og på dine premissar.

Dette kan du få hjelp til

Du kan til dømes få hjelp til å:

  • bruke mobiltelefon, nettbrett eller PC
  • sende og lese e-post
  • bruke appar og digitale tenester
  • finne informasjon på internett
  • bruke offentlege tenester
  • bli tryggare på digital sikkerheit og svindel

Dette kan vi ikkje hjelpe med

For å ta vare på tryggleik og personvern kan vi ikkje:

  • bruke BankID for deg
  • handtere passord eller PIN-kodar
  • utføre betalingar eller nettbanktenester
  • reparere utstyr
  • gi helsefaglege, juridiske eller økonomiske råd

Kven passar tilbodet for?

Tilbodet passar for deg som:

  • ønskjer hjelp til digitale oppgåver i kvardagen
  • synest det er lettare å lære heime enn i gruppe
  • har behov for roleg og tilpassa rettleiing

Praktisk informasjon

Tilbodet er gratis

Vi startar opp i veke 35 og gjennomfører eit avgrensa pilotprosjekt i første omgang.

Meld interesse

Ønskjer du digital opplæring heime?

Ta kontakt med: Linda Tomasgard, prosjektkoordinator

Telefon: 90 21 03 68  E-post: linda.tomasgard@volda.kommune.no

 – eller få hjelp til påmelding i skranken på biblioteket.

Om prosjektet Fleire digitale eldre

Volda kommune er ein av tre pilotkommunar i prosjektet Fleire digitale eldre, leia av Senteret for eit aldersvennleg Noreg.

Målet er at fleire eldre skal kunne delta i det digitale samfunnet på ein trygg, sjølvstendig og aktiv måte. Gjennom utprøving av enkle og praktiske tiltak skal prosjektet bidra til auka digital kompetanse, meistring og inkludering. Erfaringane frå pilotkommunane skal danne grunnlag for løysingar som kan takast i bruk av kommunar over heile landet.

I prosjektet blir tre tiltak prøvde ut:

  • Digital opplæring heime – individuell rettleiing i eigen heim.
  • Digitale saman – sosiale møteplassar der deltakarane kan lære digitale ferdigheiter saman med andre.
  • Bli digital – lån eit nettbrett – utlån av nettbrett slik at fleire kan øve i sitt eige tempo.

Tiltaka skal gjere det enklare å få hjelp på den måten som passar best for den enkelte. Nokre ønskjer rettleiing heime, andre lærer best saman med andre, medan nokre vil utforske digitale løysingar på eiga hand.

Pilotperioden varer i minst seks månader. Undervegs blir tiltaka evaluerte, og erfaringane frå kommunane skal bidra til å utvikle gode og varige tilbod som kan kome eldre til gode – både lokalt og nasjonalt.