Digitale Saman

Har du lyst til å bli flinkare digitalt saman med andre? Bli med på Digitale Saman!

Kva er Digitale Saman?

Digitale Saman er eit gratis lågterskeltilbod der du kan få hjelp, rettleiing og opplæring i bruk av mobil, nettbrett og digitale tenester.  

Tilbodet finn du [til dømes; på biblioteket kvar onsdag kl. 12:00-13:30, og skal være ein trygg og sosial møteplass for læring].

Gruppe med mennesker som er på kurs. - Klikk for stort bilete Volda kommune

Kva er formålet med tilbodet?

Digitale Saman skal bidra til at fleire eldre:

  • føler seg trygge i møte med teknologi
  • meistrar digitale tenester i kvardagen
  • deltek i eit sosialt fellesskap

Er tilbodet gratis?

  • Ja, tilbodet er gratis.

Kva får eg hjelp til?

Du kan få hjelp til:

  • grunnleggjande bruk av mobil og nettbrett
  • bruk av appar og digitale tenester (t.d. bruk av helsenorge.no)
  • å forstå digitale omgrep og funksjonar
  • tryggleik på nett og korleis unngå svindel
  • å øve og bli tryggare i bruk av teknologi

I tillegg til felles opplæring, kan du kome med eigne spørsmål og utfordringar.

Korleis fungerer tilbodet?

  • Du kan møte opp utan påmelding (drop‑in) til faste tider
  • Du får hjelp av rettleiarar og frivillige
  • Du kan delta så mykje eller lite du vil

Kva får eg ikkje hjelp til?

For å sikre tryggleik og gode rammer kan vi ikkje:

  • bruke eller be om BankID, passord eller personlege kodar
  • utføre oppgåver på dine vegner (t.d. logge inn og gjennomføre betaling for deg)
  • gi teknisk service eller reparere utstyr
  • ta ansvar for kjøp, abonnement eller økonomiske val

Vi kan vise deg korleis du kan gjere det sjølv, men du må sjølv utføre handlingane.

Må eg ha eige utstyr?

Nei, men det er ein fordel.

Du kan:

  • ta med eigen mobil eller nettbrett
  • få låne utstyr dersom kommunen tilbyr dette

Kven møter eg der?

Du møter:

  • kommunalt tilsette som har ansvar for opplæring
  • frivillige som bidreg med støtte og sosialt fellesskap
  • andre deltakarar som vil lære og øve saman med deg

Må eg kunne noko frå før?

Nei. Tilbodet passar både for deg som:

  • aldri har brukt digitale verktøy før
  • kan litt, men ønskjer å bli tryggare
  • treng hjelp til konkrete oppgåver

Er det trygt å delta?

Ja. Tilbodet er lagt opp med:

  • trygge rammer og tilgjengelege lokale
  • respekt for personvern og dine grenser
  • rettleiing tilpassa ulike nivå  

Du bestemmer sjølv kva du vil seie og dele med andre deltakarar og rettleiarar.

Kan eg få hjelp heime i tillegg?

Ja, du kan få digital opplæring heime som eit supplement eller eit alternativ til tilbodet.

Kven kan eg spørje om meir informasjon?

Ta kontakt med:

Linda Tomasgard, prosjektkoordinator

Telefon: 90 21 03 68  E-post: linda.tomasgard@volda.kommune.no

eller møt opp direkte på Digitale Saman til oppsette tider. 

Digital saman er annankvar fredag i Volda og i Ørsta. Du kan møte i begge kommunane. 

I Volda er samlingane på Volda samfunnshus i 1. etasje. 

Digitale Saman

Digitale Saman
DatoKlokkeslettStad
Fredag 28.08.26Volda
Fredag 11.09.26Volda
Fredag 25.09.26FredagVolda
Fredag 09.10.26FredagVolda
Fredag 23.10.26FredagVolda
06.11.26FredagVolda
20.11.26FredagVolda
04.12.26FredagVolda
18.12.26FredagVolda
18.12.26FredagVolda

 

Om prosjektet Fleire digitale eldre

Volda kommune er ein av tre pilotkommunar i prosjektet Fleire digitale eldre, leia av Senteret for eit aldersvennleg Noreg.

Målet er at fleire eldre skal kunne delta i det digitale samfunnet på ein trygg, sjølvstendig og aktiv måte. Gjennom utprøving av enkle og praktiske tiltak skal prosjektet bidra til auka digital kompetanse, meistring og inkludering. Erfaringane frå pilotkommunane skal danne grunnlag for løysingar som kan takast i bruk av kommunar over heile landet.

I prosjektet blir tre tiltak prøvde ut:

  • Digital opplæring heime – individuell rettleiing i eigen heim.
  • Digitale saman – sosiale møteplassar der deltakarane kan lære digitale ferdigheiter saman med andre.
  • Bli digital – lån eit nettbrett – utlån av nettbrett slik at fleire kan øve i sitt eige tempo.

Tiltaka skal gjere det enklare å få hjelp på den måten som passar best for den enkelte. Nokre ønskjer rettleiing heime, andre lærer best saman med andre, medan nokre vil utforske digitale løysingar på eiga hand.

Pilotperioden varer i minst seks månader. Undervegs blir tiltaka evaluerte, og erfaringane frå kommunane skal bidra til å utvikle gode og varige tilbod som kan kome eldre til gode – både lokalt og nasjonalt.