Dagsturhytta er eit flott utkikkspunkt med utsyn over Hornindal og Hornindalsvatnet.
På vegen opp kan ein gå innom Gytleskotet, eit geologisk naturminne som er særleg kjend for mineralet Kalsedon.
Om ein vil kan ein også gå vidare til Ytrehornsnakkjen, ein middels krevjande, men bratt fottur. Her finn ein ei vetestove til fri bruk, og Ytrehornssetra som ligg litt bakpå platået.
Turen opp til Dagsturhytta på nakkebruna går på grusveg, sti og berg, og kan vere noko gjørmete og glatt dersom det har regna mykje dagane før. Husk difor gode tursko!
Oppmøte på parkeringsplassen ved stistart kl.11
Pga bålforbud vert det ikkje fyrt i bålpanna, men ta gjerne med noko godt i sekken og husk drikke til turen!
Vi spanderer frukt og kjeks
På alle tre StikkUT-turane gis det informasjon om StikkUT, og hjelp til å laste ned om ein ynskjer det.
