Bli med på kino onsdag 5.august kl.17.30

Kino - animasjonsfilmen “Den stjålne Prinsessen”
I ei verd av modige riddarar og mørk magi forelskar draumaren Ruslan seg i den vakre Mila.
Når ho blir bortført av ein vond trollmann, må han leggje ut på reisa i sitt liv.
Eit eventyr om mot, kjærleik og kampen mellom magi og ekte kjensler.
Aldersgrense 6 år
Norsk tekst og Ukrainsk tale.
Ingen førehandsbooking av billettar.
Her er det førstemann til mølla.
Dørene opnar kl. 16.45.
Takk til Gjensidigestiftelsen for midlar til sommarprogrammet for barnefamiliar i Volda kommune!