Dette tilbodet vil vere tilgjengeleg gjennom heile juli og dei første vekene i august.
Vi inviterer til open hall i SpareBank 1-hallen kvar laurdag frå kl. 11.00 til 18.00. Her er det rom for fri leik og aktivitet i trygge og gode omgjevnader – ope for alle som har lyst til å vere i rørsle eller berre ha det kjekt saman med andre.
Dette er ein uformell møteplass der ein kan prøve ulike aktivitetar, spele ball, leike eller berre vere sosial. Du kjem og går som det passar deg i løpet av opningstida.
Velkomen til ein kjekk og aktiv laurdag!
Takk til Gjensidigestiftelsen for midlar til sommarprogrammet for barnefamiliar i Volda kommune!
