Sommaraktivitetar Rjånes/Liadal 7. - 9. august

Saman med Friluftsrådet inviterer vi til 3 spennande og kjekke dagar for ungdom i alderen 13.-17.år på badeplassen på Rjånes/Liadal.

Med dyktige leiarar frå Sunnmøre friluftsråd og med base på Rjånes badestrand blir det masse kjekke sommarktivitetar med bading, fisking, SUP padling og leikar mm.

To av dagane planlegg vi fellesmåltid med mat på bål/grilling, men ein av dagane må du ta med eigen niste.

Vi håpar også å få til ein båttur og ekspedisjon ut til Raudøya og ein fjelltur.

Aktivitetar

Med litt tilpassing etter vêr og vind blir det:

  • Bading
  • SUP padling
  • Fisking
  • Volleyball
  • Andre ballspel og leikar
  • Båttur til Raudøya?
  • Mat på bål
  • Fjelltur

 

Pris: Gratis

Kven: Ungdom mellom 13.-17.år

Dato: 7.-9.august (alle dagar kl 1100-1700)

Stad: Rjånes badestrand i Ørsta

Organisert transport til og frå Rjånes

Friluftsrådet organiserer transport tur/retur kvar dag frå Volda/Ørsta - Liadal og dersom det er fleire ungdommar som har reiseveg frå Vartdal eller Garneskrysset/Ulstein.

Gi oss beskjed i påmeldinga dersom du ynskjer transport til og frå Rjånes!

Les meir og meld deg på her: Sommaraktivitetar 7.-9.august 2026

Plakat sommaraktivitetar Rjånes/liadal - Klikk for stort bilete