Summer Games

Gaming med Volda E-sport på Samfunnshuset i sommar! 

Volda E-sport har ope hus i heile juli. Saman med Ung i Volda og Sommarprogrammet til Volda kommune arrangerer VES gaming-aktivitetar på Samfunnshuset i Volda. 

Tilbodet er ope i tysdag til fredag frå kl 12 - 18 og laurdagar kl 15 - 21 i heile juli.

På Summer Games kan du spele dataspel på våre gaming-maskiner, spelkonsollar og VR. Det er alltid to gaming-vertar til stades for å hjelpe deg i gong og for å ta ein prat om spel og e-sport. Laudagar er det konkurransar i ulike spel med premiar, og det er også småturneringer i vekedagane - "Dagens Highscore".

Det er inga påmelding, det er berre å møte opp dei dagane du ønskjer å bli med!

Aldersgrense:

Tysdag, onsdag, torsdag og fredag: 10+. Barn under 10 år må ha følgje med vaksen. 

Laurdagar: Kun 13+

Kva kan du gjere på Summer Games?

Spele på gaming-maskiner

Spele på konsollar som PS5 og Nintendo Switch

Spele Virtual Reality-spel (VR)

Spele aleine, saman med venner, eller finn nye venner å spele med

Lære dataspeling av VES sine gaming-vertar

Bli med på turneringar

Bli betre kjent med Volda E-sport

Lær å lag eigne dataspel av gaming-vertane

Takk til Gjensidigestiftelsen for midlar til sommarprogrammet for barnefamiliar i Volda kommune!

Plakat av Summer Games - Klikk for stort bilete

 

Les meir om Volda E-sport: Volda E-sport - Summer Games 2026