Hakallegarden er ein besøksgard i Vanylven, der du får helse på mange fine dyr og vere med på kjekke aktivitetar.
Det vert grilling i lavvoen. Vi spanderer pølser, men ta gjerne med grillmat etter eige ynskje.
Max 50 deltakarar og påmelding via denne lenkja: https://forms.office.com/e/2vF04n8p7x
Vi ber om at borna vert prioritert i bussen, og helst berre ein vaksen per familie.
Bussen går frå Volda busstasjon kl.10.00 og retur frå Hakallegarden kl . 16.30
Adresse: Hakallestranda, 6149 Åram
Takk til Gjensidigestiftelsen for midlar til sommarprogrammet for barnefamiliar i Volda kommune!
