Tur til Hydlaparken for 10 - 16 åringar

Bli med til Hydlaparken Klatrepark måndag 10.august.

Hydlaparken i Stryn er ein familievennleg klatrepark som byr på action og naturopplevingar for alle aldrar. Klatreløypene er utforma rundt ein morenerygg frå istida, og klatreparken har åtte spanande klatreløyper med totalt 58 hinder, inkludert 12 zipliner.

Erfarne vaksne frå VTI Fotball FFO (tilsette) blir med på turen – det er ein vaksen per fire born.

Det er difor ikkje behov for at foreldre vert med.

Heile aktiviteten er gratis!

Påmelding: https://spond.com/discover/nb-no/events/013579A289B84148A6FAB7D58B8D84C4?traffic_source=spond_club

Praktisk informasjon

Målgruppe for turen: Born 10 - 16 år

Busstransport frå Volda stadion: kl. 08:45 

Busstransport frå Hydlaparken:  ca. kl.15.00

Ankomst Volda stadion: ca kl.16:00. 

FFO er opent til 16:30 for de som trenger å hente seinare. 

Gratis lunsj: grilling på bålpanne

Bekledning: Joggesko, komfortable klede og klede tilpassa  vêret.

Takk til Gjensidigestiftelsen for midlar til sommarprogrammet for barnefamiliar i Volda kommune!

Jente med klatreutstyr i Hydlaparken - Klikk for stort bilete