https://volda.friskus.com/
Friskus
På Friskus kan du finne ulike aktivitetar: for både vaksne og barn: https://volda.friskus.com/
Fritidskonto for barn og unge
Er du eller familien din i ein økonomisk situasjon som gjer det vanskeleg å prioritere fritidsaktivitet? Då er fritidskonto for deg!
Det å kunne delta i organisert fritidsaktivitet er så viktig at kommunen, i samarbeid med staten betalar ein god del av det det kostar.
Støtte vert gitt til for ein aktivitet (t.d kontingent). Du kan også søke om støtte til utstyr, eigenandel, reise, opphald og måltid i samband med deltaking på turneringar/reiser i regi av lag/foreiningar, men det vert gitt støtte berre til eit formål i året.
Deltek du på ein annan fast fritidsaktivitet i tillegg, fell du utanfor målgruppa for denne ordninga.
Fritidsaktivitetar i Volda kommune (Friskus)
Retningslinjer for Fritidskonto
Vi har sett følgjande kriteriar for støtte
- Støtte vert gitt på individnivå. Det betyr at det gjeld det einskilde barnet/ungdomen frå det året det tek til på skulen og ut det året det fyller 18. Det vert ikkje gitt generell støtte til grupper/lag og foreiningar.
- Støtten skal ikkje erstatte dugnadsinntekter eller supplere andre tilskotsordningar.
- Støtte kan søkast til utstyr, kontingent, eigenandel, reise, opphald og måltid i samband med deltaking på turneringar/reiser i regi av lag/foreiningar.
- Prosjektgruppa for Fritidskonto gjer avtale med navngitte kontaktpersonar i dei aktuelle lag og foreningene. Laga sjølve avgjer kor mange, og kven dei ønsker skal være kontaktpersoner.
- Kontaktpersonane forplikter seg til å være bindeleddet mellom Prosjektgruppa for Fritidskonto og det enkelte barn/ungdom. De vil også ha et særskilt ansvar for å bistå andre i laget/foreininga om å «fange opp» dei som har behov for bistand.
- Kontaktpersonene har ansvar for å sikre at tilbodet til barn, ungdom og familiar blir gitt på ein inkluderende og ikkje-stigmatiserande måte.
Ver tydeleg på hva du søkjer om og kva det kostar. Ved søknad om å få dekt treningsavgift, kontingent og andre faktura må vi ha eksakte beløp. Søknadar utan eksakte beløp vert ikkje behandla.
Vi refunderer ikkje for faktura som allereie er betalt.
Støtte frå Fritidskonto kan givast på to måtar, og same søknadsskjema skal nyttast til begge:
- Til det einskilde barnet/ungdomen gjennom å opprette brukar på volda.friskus.com. Faktura skal då betalast gjennom volda.friskus.com etter at kontoen er fylt på.
- Ved at aktivitetstilbydar/lag/foreining søker på vegner av navngitte barn. Faktura skal sendast fakturamottak@volda.kommune.no og merkast Fritidskonto, ansvar 3705.
Søknadsskjema for fritidskonto for barn og unge