Botnasanden friluftslivsområde ved Rotevatnet

Botnasanden friluftslivsområde ved Rotevatnet

Badeplasse med sanitærbygg og parkeringsplassen på Botnasanden ved Rotevatnet.

Lengst inn ved Rotevatnet finn vi Botnasanden friluftsområde og parkering. 

Her er det langgrunn sandstrand og særskilt fint for dei minste.

Grønt gras og sandstrand med utsikt mot Rotsethornet. - Klikk for stort bilete Eli Øye Vasbotn

Tidleg i juli  2023 opna vi sanitærbygget for bruk. Det er sett opp ei midlertidig rampe til toalettet som er tilpassa personar med nedsett rørsleevne. Rampa er sett opp i påvente av asfaltering som skal finne stad i august/september.