Badstova på Andanes - dynamittlageret

Badstova på Andanes - dynamittlageret

Vi leiger ut badstova på Andaneset, det gamle dynamittlageret .

Det gamle dynamittlageret er renovert og oppgradert som badstove. 
Du kjem dit ved å følgje Andanesvegen forbi siste huset. Gå turvegen ned til sjøen.

Ynskjer du å leige? Då bestiller du badstova på nett. 
NB! Bookinga er midlertidig stengt på grunn av problem med nøkkelboksa. Ta kontakt med kommunen for bestilling.

Badstova har ein nøkkelboks, som du kan opne med kode.
Koda får du tilsendt i epost tidleg den dagen du skal bruke badstova.

Prisen for leige er kr 300 inkl mva. Må betalast med vipps ved bestilling.

Slik brukar du badstova på Andaneset:


Du får tilsendt låskode til døra samme dag som tinging gjeld for.


Ta med:

• ca 20 - 30 l ferskvatn
• ca 10 kg småved (ca 3-7 cm diameter)
• fyrstikker og opptenningsved
• drikkevatn 1 l per pers
• handkle
• planlegg godt med tid. Det tek minst 1-2 timar med oppvarming og ca 1 - 2 timar til resten.
• ha heller med deg for mykje vatn enn for lite,

NB! bruk av saltvatn er forbode i badstova!
 

Oppvarming sauna:

• ta ut asken frå omnen med askespaden og askeskuffa og legg det på ein stad som ingen trakkar på.
• legg inn småved og fyr opp. Hald god varme gjennom oppvarmingsperioden også medan du brukar saunaen.
• det tek omlag 2 timar før omnen er varm nok.


Bruk sauna:

• bruk berre ferskvatn til saunaomnen. Bruk aldri sjøvatn! Salt øydelegg omnen.
• lukk tørkeluka i taket medan du tek sauna
• ta gode luftepauser og bad gjerne i sjøen. Det å ha sauna er ikkje ei konkurranse.
• husk å drikke nok vatn.


Før du forlet sauna:

• bruk resten av vatnet du hadde med deg til å vaske benkane.
• løft benkane opp for tørking.
• opne tørkeluka i taket.
• kost golvet.
• legg inn meir ved i omnen, slik at saunaen tørkar skikkeleg opp.
• ta med resten av veden din heim, ikkje lagre den inn under benkane!
• lås døra


Ved / brensel til fyring av omnen:

Styrk Arbeid tilbyr brukarane av badstova på Andaneset kjøp av vèd frå deira lager på Prestegarden og dei kan kontaktast på tlf 957 58 181
Dei kan også levere vèd på tinging til Andaneset om ønskjeleg.