Lydvandring Volda

Lydvandring Volda

Ein audioguida gåtur i Volda.

Kva med ein lydguida gåtur i Volda, med historier og opplevingar undervegs? Turen passar like godt for ein tilreisande som ein “erkevolding”.

Bruk din eigen mobil. Du kan ta turen når det passar deg, åleine eller saman med fleire. Oppstarten er utanfor Volda rådhus. Turen er ferdig ved Lærarhøgskulen.

Det handlar om å løfte blikket og legge merke til det som ikkje alltid får merksemd i kvardagen. Slik kan du sjå Volda med nye auge, som om det var for første gong. 

Her kan du lese meir om Lydvandring Volda – Opplev Volda på ein ny måte​​​​​​​