Rotsethornet - 649 moh.

Rotsethornet - 649 moh.

Rotsethornet er fjellet som ligg midt i Volda sentrum.

Det er eit populært turmål som passar for både små og store.

Fjellet har to rutealternativ, og ein kan bruke alt frå 45 minutt til fleire timar opp.

Den mest populære turvegen opp startar ved Rotsethorntunnelen, vidare til Kalsethola og oppover.

Merk at nokre parti er bratte, men der er stigjarn og kjettingar som ein kan halde seg fast i.

Den andre ruta opp startar inst ved Rotevatnet, der kan du følge Lisjedalen eller Storedalen til toppen. Denne turen er noko lenger, men der er ikkje så bratte parti.

Gå aldri på Rotsethornet om der er tett skodde, og om skodda kjem brått på skal du halde deg i ro til du får sikt igjen.

Sjå fleireturforslag på ut.no eller stikkut.no