Volda bygdetun - Haualeitet

Volda bygdetun - Haualeitet

Volda Bygdetun finn du i Volda sentrum, vakkert plassert rett ved Rotsethornet.

Tunet har over 20 hus ordna som ein vanleg sunnmørsgard frå midten av 1800-talet. Her kan du sjå korleis folk har budd, jobba og levd før i tida. 

Det er fleire arrangement her gjennom året, der folk kan kome og oppleve bygningane og ulike aktivitetar.

Ein kan også leige lokale i bygdetunet til bryllaup, åremålsdagar eller andre samankomstar. Det er ein nydleg stad å vere med flott utsikt over fjorden.