Nr 1 Rotevatnet rundt - Årneset (TiTURmål 2005)

Nr 1 Rotevatnet rundt - Årneset (TiTURmål 2005)

”Der mennesker møtes”

- (eigna for barnevogn og rørlsehemma)

Rotevatnet rundt er eitt av Volda sine ti turmål, og vi oppmoder alle til å ta del i turen frå Årneset og rundt vatnet. Etter fullført tur kan turgåarane og andre møtast på Årneset. Der skal kaffien vere klar og grillen varm til matlaging. Medan grillmaten blir ferdig kan born og vaksne spikke og lage tvitt (seljefløyte) eller få spele volleyball.

Friområdet på Årneset er lagt til rette som ein stad ”der mennesker møtes”. Området utgjer eit kjernepunkt i utviklinga av grønstrukturen i og ikring Volda sentrum og har dei siste 10-15 åra gjennomgått fleire utbetringar m.a. bygging av sanitæranlegg, parkeringsplass og turvegtilkomst over Heltneelva /Øyraelva til Volda stadion. Som rekreasjonsområde er Årneset unikt, både på grunn av den sentrale beliggenheit og på grunn av fasilitetane som er etablert her. 

På fine sommardagar kan det samlast fleire hundre badegjestar og det er ofte trongt om plassen både for folk og bilar, men som regel er det fredeleg og avstressande å rusle rundt på området og ein kan finne seg ei benk og berre nyte natur og frisk luft.

I reguleringsplanen som vart godkjent i 2004 er friområdet utvida med om lag 4 mål. Utvidinga skal m.a. dekke behovet for areal til sandvolleyballbaner. 

Volda Jeger-og Sportsfiskarlag sitt naustprosjekt.
Laget har fått løyve til å bygge naust på området med vilkår om at alle som ønskjer det kan få høve til å nytte båt (event. andre farkostar som kano, kajakk) på vatnet.

Vi har tru for at dette kan vere med å berike området og at endå fleire vert frista til å legge turen innom.

Som ein ser er det etter kvart mange funksjonar dette friområdet har fått og det er i stadig utvikling. Det er berre opp til kvar einskild å ta området i bruk; dette er vår felles hage og møteplass og DU er velkomen dit.

Torgeir Stensø