Nr 10 Sæsshaugen, Lauvstad (TiTURmål 2005)

Nr 10 Sæsshaugen, Lauvstad (TiTURmål 2005)

Sæsshauen, som vi seier lokalt, er ein gamal sæterstøl, som i dag har vorte ei fin hyttegrend. Dette er ein lett tur frå ”Åseskaret” til sæterstøyen. I bok ”Fotturar på Sunnmøre”, utgitt av: Helge J. Standal m/fl. er stien omtala slik: ”Sæsshaugen er det ei fryd å rusle til. Ein halvtimes lett gange på hellelagd sti med trapper gjennom klynger av lerkeskog”.

For dei som er tilreisande, er å kjøre ca 1 km frå Lauvstad etter Fylkesvegen, og ta vegen opp mot Sætreås, (skiltmerke i vegkrysset på Sætre), og parkering på parkeringsplassen ved vegkrysset ”Krokevegen”, eller ved svingen nedafor. Alternativ parkering er i Løndal, då tek ein av i vegkrysset sør for Ulvestad bru RV 652.
Vis god parkeringskultur. Frå begge parkeringsområda går ein etter traktorveg til Åseskaret, og her er stien merka mot Sæsshauen. Herfrå kan dei som vil vere med, delta på ein ”liten natursti” langs sæterstia. 

For Vestsida I.L.

Elias Sætreås.