Nr 3 Dinglavatnet (TiTURmål 2005)

Nr 3 Dinglavatnet (TiTURmål 2005)

Turen til Dinglavatnet gjekk tidlegare langs ein idyllisk sti frå Håmyra og opp til vatnet. Denne stien vart ofte nytta av ivrige friluftsfolk. Då anleggsvegen skulle byggast til Volda kommune sitt råvassbasseng på Dinglavatnet (ferdig i 1988), var det mange lesarinnlegg og stor usemje om dette inngrepet i naturen. 

I ettertid er det mykje som tyder på at talet på turgåarar har auka etter at vegen kom. Eit godt døme på at denne vegen gjer Dinglavatnet og det sentrumsnære fjellområdet meir tilgjengeleg for alle, er pensjonistturane i regi av Røde Kors si besøksteneste.

Vi ber om at alle tek omsyn til at Dinglavatnet er drikkevasskjelde, og at området er like reint og fint når du går heim, som når du kjem dit som gjest. Av omsyn til andre turgåarar og sauer på beite, oppmodar vi også om at hundar blir halde i band. 

Berit Koen, tidlegare
folkehelsekoordinator