Nr 4 Morkabygda rundt (TiTURmål 2005)

Nr 4 Morkabygda rundt (TiTURmål 2005)

 - (eigna for barnevogn og rørslehemma med følgje)

Det å gå seg ein tur "bygda rundt" har blitt meir og meir populært siste åra. Bygdafolket på Ekset, Mork, Eikrem og Håskjold har i mange år gått denne runda, men gledeleg nok har fleire utanbygds turgåarar også oppdaga dette turmålet.

Turen Morkabygda rundt tek frå 1 til 1,5 timar i roleg til moderat tempo. Ein del vel å parkere i "Korsen" (langs Industrivegen i Furene) medan andre parkerer ved Mork IL sitt lagslokale på Langemyra - då har du valet mellom å gå ein skogstur frametter Morkaåsen til blåbenkane på Høgetua (ca 30 min) eller å gå vegen forbi Holen - (avkøyringa til Ytrestøylen og Hovdevatnet) gjennom Håskjoldbygda - her bør du skrive deg i Mork IL/Ti turmål si turbok – sjå turkasse øvst i Hansbrauta og vidare ned til Eikrem.

Følg gamlevegen rundt Eikremshammaren og eit lite stykke langs "nye vegen" til du kjem inn på gamlevegen gjennom tunet i Gammelgarden forbi Mork skule og bebyggelsen på Mork.
Har du parkert langs Industrivegen - er du snart framme ved bilen, har du parkert på Langemyra har du eit lite stykke att - og den einaste "motbakken" i Brauta står att på denne runda.

No på vår- og sommarstida er det plassert ut fleire "kvilebenkar" eller "lygarbenkar" alt etter som... langs ruta bygda rundt. På vår, haust og vinterstid er det (stort sett) gatelys på heile runda - eit lite stykke i Morkaåsen - frå avkøyringa til Langemyra og til Holen er utan gatelys.

På kvart årsmøte i Mork IL trekk vi ut fleire vinnarar av flotte tur-premiar sponsa av det lokale næringslivet, einaste DU må gjere for å auke vinnarsjansen er skrive deg i turboka i Hansbrauta.

-du får då ei flott oppleving "bygda rundt" enten i form av trim eller tur.

Velkomne - og God Tur!

Mork IL v. Jørn Håskjold