Nr 6 Jolegrøbu (TiTURmål 2005)

Nr 6 Jolegrøbu (TiTURmål 2005)

Her ligg lagshytta til Volda jeger og sportsfiskarlag på ca. 600 moh. Jolegrøbu er eit av ti turmål 2005, og ligg ved Jolegrøsvatnet. Det er ein lett og fin tur på god sti frå Lisjedalen via Brundalen ved Straumshamn.

Frå Folkestad går ferda vidare til Straumshamn der ein tek av innover fjorden mot Høydalen. Nokre hundre meter frå gamlebutikken på Straumshamn, inne i bukta, går bomvegen opp til Lisjedalen (kr.15).På kartet heiter dalen Litledalen og ligg på 240 moh. 

Frå parkeringsplassen i Lisjedalen går spaserturen over demninga og stien på vestsida av elva opp til Brundalen. Ein går over utlaupet av Brundalsvatnet og ca. 500 meter bort til Fylsviksetrane på austsida av vatnet (på kartet står det Innstøylen). Herifrå er det ca ein time i fin sti opp til Jolegrøsvatnet og Jolegrøbu. Her ventar folk frå Volda jeger- og sportsfiskarlag med nyrøykt krede. Stien er godt synleg. Oppe på flatene i Jolegrøsdalen kan det vere vått, så det er lurt å sko seg deretter.

Den vakre dalen vart redda frå vasskraftutbygging for snart 20 år sidan. Etter det vart lagshytta til Volda Jeger og sportfiskarlag bygd på utmarka til Fylsvik grunneigarlag og har fem sengeplassar, båt og naust. Jolegrøsdalen er vill og vakker, med fin utsikt nordover mot Voldsfjorden. Når ein er oppe i Jolegrøsdalen er det i luftline kort avstand til Matøskja, som ligg 700 høgdemeter ovanfor.

Dersom du vil sjå fleire bilete samt kart frå hytta på Jolegrø, kan du gå inn på heimesida til Volda Jeger og sportsfiskarlag: http://www.njff.no/portal/page/portal/more_og_romsdal/lokallag/volda. Her finn du også meir informasjon om laget.

På turen til Jolegrø, må hundar vere i band då det er sauer på beite i området.

Vel møtt.